SØR-FRON: Ein av dei er Lars Ola Auglestad. Det er søknaden frå Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor Fylkesmannen har svart på. Opphavleg søkte dei om to båsfellar til fangst av jerv, men Fylkesmannen gje løyve til to separate fangstmenn.

Auglestad får løyve til å bruke jervebås til fangst av jerv i Frydalen landskapsvernområde i Sør-Fron kommune innanfor eit visst område.

Løyve gjeld for lisensfellingsperioden gjeld fram til og med 15. februar 2016.

Denne båsen skal plasserast slik at andre arter ikkje blir fanga i den. Lokaliseringa av båsen skal vere mellom køyresporet som går opp til Nysteig og Storeldåa.

Dette er eit svar på prosjektet «Effektiv lisensfelling av jerv i Oppland». Klima- og miljødepartementet har i brev frå 1. oktober 2015 gjeve løyve til ei avgrensa utprøving av kamera kombinert med elektronisk overvaking som erstatning for fysisk tilsyn.

Det er forbode å bruke levande lokkedyr i båsen. Dersom det blir fangst av jerv er fangstmannen pliktig til å straks avlive jerven.

Den som driv med båsen skal oppdatere seg på følgande lovverk som gjelder.