Sør-Fron Arbeiderparti og Hilde Holtesmo hadde ordførarstolen etter førehandsstemmene, men etter at alle stemmene var talt opp mista dei fleirtalet.
- Vi vant valet, men tapte posisjonen. Det er ikkje å legge skjul på at det er vedig surt. Vi skal bruke dagen til kjenne på skuffelsen, før vi gjer oss klare for å bli ein krevjande opposisjon, seier Holtesmo til GD tysdag formiddag.
LES OGSÅ: Muriteigen fortsetter som ordfører
Dei uoffisielle tala før finrekninga starta tysdag morgen er som følgjer:
AP: 706 stemmer (47,3 %) 9 mandat
Sp: 567 stemmer (37, 9%) 8 mandat
Bl: 174 stemmer (11, 6 %) 2 mandat
H: 46 stemmer (3 %) 0 mandat
Muriteigen har fleirtal for å fortsette som ordførar
Valresultatet, før finrekninga er over, viser at Sør-Fron Senterpati får åtte mandat, mens Bygdalista får to mandat i kommunestyret. Sør-Fron Høgre er ute og mistar sitt mandat. I praksis betyr det at sittande ordførar Ole T. Muriteigen fortsetter som ordførar sidan Bygdalista støttar Muriteigen. Dette stadfesta dei overfor GD, ved leiar Erik Stenumgaard, måndag kveld etter at stemmene var kjent. Alt tyder på at Stenumgaard blir varaordførar.
LES OGSÅ: Bygdalista i Sør-Fron støtter Senterparti-ordfører
Holtesmo og Ap sendte ein forespørsel til Bygdalista natt til tysdag, men har ikkje høyrd noko frå dei.
- Det var med tanke på eit eventuelt samarbeid, men eg har ikkje motteke svar på forespørselen eg sendte, seier Holtesmo.
LES OGSÅ: Sør-Fron på vippen
Stemninga snudde
Under valvaken hjå Holtesmo måndag kveld gjekk stemninga frå rett i taket etter førehandsstemmene, til å snu til skuffelse etter at tala vart kjent.
- Eg er ikkje overraska over at det var jemnt. Veldig synd at Høgre mistar sitt mandat. Det gjer at Sør-Fron blir ein to-parti stat, og Sør-Fron mister ei stemme. Det er betre jo fleire vi er, seier Holtesmo.
Ho er derimot veldig glad for Ap-suksessen i Ringebu og Nord-Fron kommunar der Arbeiderpartiet sikra reint fleirtal og får ordførarstolen.
- Vi har hatt felles valkamp og det samarbeidet vil vi byggje vidare på framover. Sør-Fron Sp vil nok kjenne på at det er Ap i nabokommunane. Nå er vi nærmare ein midtdalskommune, og det skal vi jobbe vidare for, seier Holtesmo.
Skuffelse i Sør-Fron Høgre
Cita Jensen, andrekandidaten i Sør-Fron Høgre, er skuffa etter at dei mistar sitt mandat.
- Det er litt synd. Det er mogleg det er turbulensen som var før valet som var utslagsgjevande. Vi mister jo stemmen vår i kommunestyret og formannskap, seier Jensen.