To ulvar sett på grensa til Ringebu

ULV: To ulvar skal vere sett i Stor Elvdal-kommune i Hedmark. Dette er på grensa til Ringebu kommune. Nå følgjer Fylkesmannen i Oppland saken tett. Illustrasjonsfoto.

ULV: To ulvar skal vere sett i Stor Elvdal-kommune i Hedmark. Dette er på grensa til Ringebu kommune. Nå følgjer Fylkesmannen i Oppland saken tett. Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

- Det vart gjort observasjonar av to dyr torsdag i Stor Elvdal-kommune. Dette er i beiteområdet Storfjellet som går inn i Ringebu kommune. Sidan observasjonane vart gjort i Hedmark gjaldt fellingsløyve som vart gjeve berre for Hedmark. Det mellombelse løyve gjaldt til fredag, seier Stein Egil Granli, rådgjevar på miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Oppland.

Dei følgjer situasjonen fortløpande og vil vurdere tiltak dersom det blir gjort observasjonar eller det blir oppdaga skadetilfelle i Oppland.

- Da skal vi vurdere situasjonen med tanke på fellingsløyve. Eg er ikkje kjent med om det er gjort skader i Hedmark. Vi må og verifisere at det var ulv som vart sett i Hedmark, seier Granli.

LES OGSÅ: Rovdyrpolitikk som virker

LES OGSÅ: - Ulven var svensk hund

LES OGSÅ: Årets første ulvekull påvist

Artikkeltags