Gå til sidens hovedinnhold

Sorg over nedlegging av Granheim

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Fyrst vil eg takke Svanhild Pålhaugen for eit innformerande og klårt innlegg om Granheim. Når vi ser kva administrerande dirketør har å forhalde seg til av lover og reglar innan sjukehusdrift, skjønar vi at her er det gjort ei avgjerd som ikkje samsvarar med desse. Dessutan er det alvorleg at dei som kjenner problema ikkje får vita kva som er grunnlaget for nedlegging, sjølv om det blir påstått at det skal føre til innsparing, noko ingen av oss trur på.

At personalet som veit kva astma og kolsproblemer fører til ikkje blir høyrt, er direkte uforståeleg, da dei kjenner på eit ansvar for pasientane. I dagane som kjem vil vi få fleire døme på kva nedstenging av Granheim vil føre til både menneskeleg og økonomisk.

Dette fører til sorg for enkeltmenneske, kommunen og landet!

Torgunn Holm Maurset, Follebu