Gå til sidens hovedinnhold

Sp-Vedums gråe dogmer

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det kan enkelte gonger vera krevjande og fylgje retorikken til Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum. Han er imponerande tydeleg på kva han er imot, men eksepsjonelt utydeleg på kva han er for.

Underteikna har sjølv vore deltakar i kommunepolitikken på ei tverrpolitisk liste, og har med det sett utviklingstrekk i samfunnet på godt og vondt. Eg har attpåtil vore med i Senterpartiet for ein del år attende og var aktiv i Senterungdommen i yngre år. Eg opplev ein Sp-leiar som ikkje vil avklare noko som helst. Kven skal vera statsminister? Nei, det er ikkje så vktig for oss i Sp å diskutere posisjonar. Senterpartiet sitt siste «stunt» var at sentrale partikjelder lakk ut til journalistar i Dagbladet at Sp hadde ein strategi om å trekkje seg frå regjeringsforhandlingane dersom Støre ønskjer å ha med SV i ein eventuell regjeringskoalisjon. Når Vedum blir konfrontert med lekkasjane frå sentrale kjelder i eiga parti, blir han atter ein gong vag.

Trygve Slagsvold Vedum har utøva opposisjonsrolla på Stortinget på ein flott måte i den forstand at han har gjort Sp til ein stor maktfaktor i norsk politikk, og har tvinga dei andre partia til å vera meir distriktsorienterte. Samstundes har mange av oss framleis friskt i minne jordbruksopprøret mot Senterpartiet sin eiga landbruksminister i 2012, Vedums regjeringskollega, Solhjell som i 2013 lova enno fleire rovdyr sommaren 2013 samstundes som ulven massedrap sau i Gudbrandsdalen. Veljarane har nok lett for å gløyme, men ikkje alt.

Ein kan vel for lengst konstatere at valkampen er i full gang. Heile partifloraen ønskjer å gjera seg lekre og valbare framfor haustens val. Eg trur alle no har fått ei avklaring på kva Senterpartiet er imot. Dei er imot politireforma, kommunereforma, sjukehusreforma, Universitets- og høgskulereforma, jernbanereforma, rusreforma med meir. No kunne det vore oppklarande å få informasjon om kva dei er for. Kva vil dei, kven er statsministerkandidaten deira – og kven vil dei sitja i regjering med. Når dagen kjem at Vedum får regjeringsmakt lyt han ha noko meir kjøt på beinet enn å fortelja oss kva som er «det fine med Norge» og kor «ukloke» Erna Solberg og Sylvi Listhaug er.

Til sist vil eg ynskje Sp lukke til med valet – det er enda tid til å koma med forslag løysingar og ikkje gråe dogme som ikkje representerer verkelegheita.

Ivar Valdvik, Vågå