Gå til sidens hovedinnhold

Spor etter forfedrane dine

Kjennskap til og kjærleik til naturen vil hjelpe framtidige generasjonar å ta gode val

Det kan ha vore din forfar som mista votten sin, den dyrebare pila med skjellspiss, eller kjortelen sin på veg over snøen i vikingtida. Er slekta di frå Gudbrandsdalen, har du truleg forfedrar som både jakta, vov diamantkypert, laga mat av kvann og gjekk fjellvegane over til Vestlandet for å byte til seg salt, honning og andre eksotiske varar.

Over 40 gjenstandar som forfedrane våre mista eller gløymde att på ferda si over Lendbreen i Breheimen, ligg nå i utstillinga på Norsk fjellsenter i Lom. Funna går attende til steinalderen. Dei har ein topp i vikingtida, som må ha vore ei god tid i Gudbrandsdalen.

Ein 3400 år gamal hudsko frå bronsealderen dukka fram frå isen i 2006. Sidan dukka det opp ein kjortel frå jernalderen, det eldste klesplagget som er funne i Noreg. Medan breane og fonnene smeltar, dukkar nye, vel bevarte gjenstandar i tre, skinn og metall fram som frå ein frysar. Dette fortel oss historier om kva desse forfedrane våre dreiv med. Noreg sin eldste boge, ein vandrestav med runer, Noreg si eldste ski med binding. Piler og skremmepinnar i hopetal. Kvar sommar er brearkeologane ute og samlar inn funn. Etter ei tid kjem fleire av funna attende til utstillinga på Norsk fjellsenter i Lom. Dei siste somrane har funna blitt eldre. Vi smeltar oss lenger og lenger attende i historia.

Funna viser at fjella alltid har vore viktige for gudbrandsdølane. Reinen, fisken og vekstane som fjellet baud på, ga mat, reiskap og handelsvarer nok til at folk ville bu her. Ressursane frå fjellet blei ikkje mindre viktige for folk seinare i historia. Kvanngarder har eit eige avsnitt i Gulatingslova, og fiskerettane til vatnet Tesse blei gjeve til innbyggarane i grenda Vårdalen i byte mot ei kyrkjetomt av sjølvaste Olav den heilage, til forarging for ein haug med andre.

Fjellturistane byrja å kome på slutten av 1800-talet, for å fiske, jakte og stige opp på dei mektige tindane. Dei rista på hovudet av dei lokale raringane, men klarte seg likevel ikkje utan. Setrene kunne byrje å ta inn gjester og tene pengar på dette galne framandfolket, kunstnarane og byfolka. Seterjenta Gjendine Slålien song for dei, og slik seg sjølv inn i norsk musikkhistorie. Besseggen fekk sin plass i Peer Gynt. Falketind er heidra av Aasmund Olavsson Vinje, for å nemne nokre. Fjella og folka i dei har sett djupe spor i den norske folkesjela.

Med fleire folk, blei kampen om ressursane i fjellet hardare

I 1868 stifta Thomas Heftye Den Norske Turistforening. Fjella skulle vere tilgjengelege for alle, også dei med slunken lommebok. Du kan teste senga i ein minikopi av turistforeiningshytta Arentzbu på Norsk fjellsenter.

Med fleire folk, blei kampen om ressursane i fjellet hardare. For kven har eigentleg rett til desse fjella? Med så mykje fjell og natur som er her i Gudbrandsdalen, skulle ein tru det var nok til alle. Men, frå vikingtida vart jakt og fangst industri, og bruken av massefangstanlegg rydda nesten ut rein og fisk. Rett til beite, fiske og jakt, etter kvart også rett til å drive friluftsliv, måtte regulerast i lover.

I takt med folk si interesse for å bruke naturressursar, kom og behovet for å verne naturen. Vi fekk den fyrste naturfredingslova i 1910.

På Norsk fjellsenter i Lom kan du teste deg sjølv og ikkje minst sjå kor mange som er einige med deg i ein del av desse store spørsmåla, som er like aktuelle i dag som for 1000 år sidan. Treng vi ta vare på naturen? Er reinen viktig? Treng vi allemannsretten? Er snøscooterkøyring ein form for friluftsliv? Kva med elsyklar?

På Norsk fjellsenter trur vi at kjennskap til og kjærleik til naturen vil hjelpe framtidige generasjonar å ta gode val. Utstillinga skal vere ein veg inn til kunnskap om naturen, også for dei minste. I Fjellviten kan alle få seg ein tur i skiftande fjellvêr, grave si eiga s-elv og fylle ho med vatn og leike seg med høgdekurver og tørke i fjellet, og ri på ein mammutkalv. Kvar fredag kan ungar reise attende i tid og prøve seg som fjellvikingar. Skyt dei «reinen» med pil og boge, ventar både Heidrun sitt vikingbrød og Joar sin vikingdrikk som premie for bragda, og dei kan ta lykkeamuletten dei har laga med seg heim.

Vil dykk prøve noko heilt unikt og lærerikt, kan de bli med inn i verdas flottaste istunnel i Klimapark 2469 ved foten av Galdhøpiggen. Her har iskunstnar Peder Istad skapt ei eventyrverd av iskunst med inspirasjon frå norrøn mytologi, i ei snøfonn som sakte smeltar bort. Heile den 375 kvadratmeter store istunnelen er hogd ut for hand. Den tek deg med djupt inn i Juvfonne og langt attende ihistoria. På vegen fram til tunnelen vandrar dykk over eit unikt terreng av polygonmark og fjellblomar, i eit klima i endring.

Nordmenn flest har fjell i blodet

I 2019 var Norsk fjellsenter nominert til «Årets museum» som eitt av tre museum og fekk heiderleg omtale. Kanskje fordi museet er eit av få som fortel om noko som ligg så djupt i oss alle: banda til naturen, kjærleiken til dyra og blomane. Nordmenn flest har fjell i blodet. I alle fall om du går langt nok attende i slekta.

Mai Bakken, dagleg leiar, Norsk fjellsenter