- Der kjem ho! Landslagsspelaren!

Over 100 unge fotballjenter stimla saman rundt Ragne Hagen Svastuen (18) då ho kom til Jentefotballdagen på Øya stadion på Otta laurdag førrmiddag. Ein gjeng med 11-åringar var skjønt einige: - Ho er det store førebiletet!