Derfor vart eg sportsleiar i GD

HJELPESLAUS: Eit bilete som oppsummerer ei heil idrettskarriere. Ein lettare overvektig fotballspelar liggjande på ryggen, desperat bedande om eit frispark han aldri skulle hatt.

HJELPESLAUS: Eit bilete som oppsummerer ei heil idrettskarriere. Ein lettare overvektig fotballspelar liggjande på ryggen, desperat bedande om eit frispark han aldri skulle hatt. Foto:

Denne veka starta Reidar Kjæstad som sportsleiar i GD. Her fortel han kvifor.

DEL

MeningerGarmo Idrettsplass, ein eller annan gong hausten 1988: Ein bleik og strihåra gut på fire og eit halvt år har fått på seg ei kvit drakt med nummer tre på ryggen og «Lom Koop Handelslag» over heile bringa.

Det striregnar, drakta er altfor stor og leggbeskyttarane er festa med upåliteleg borrelås utanpå strømpene. På sidelinja, under ein fargerik paraply, står mor. Ho må vere med i tilfelle reimene på dei arva New Balance fotballskoa går opp, poden har ikkje lært å knyte anna enn blåknut sjølv.

Ei lang, innhaldsrik og merittlaus idrettskarriere var i gang.

Guten er meg. Kampen ende med stortap, søle i stuttbroka og eit minne for livet. Ei lang, innhaldsrik og merittlaus idrettskarriere var i gang. Eg har vore på Dovreskogen og vunne 28–0. Eg har køyrd tur retur Volda-Lillehammer ein sundagskveld for å tape 10–0.

Eg har knekt bein på meg sjølv, eg har knekt bein på andre. Eg har brukt grov kjeft, fått gule kort, slått feilpasningar, vorte fråsprunge og slått tunnel på. Men fyrst og fremst har eg fått opplevingar som eg aldri ville vore utan.

Førre veke var det slutt. Under eit lokaloppgjer mot Brøttum sette eg inn ei sugande takling mot heimelagets midtstoppar. Før i verda fekk folk vondt når eg sette inn slike taklingar. Nå får eg berre vondt sjølv. Med morkent kne låg eg att i ei gjørmehôl på Tømmermyra, stakkarsleg, audmjuka og latterleggjort.

Men aller mest gler eg meg til å sjå nye fire og eit halvt-åringar som tek sine fyrste steg på ei idrettsbane.

Men eg skal reise meg att. Ikkje ved hjelp av revansjerande sklitaklingar, men ved bruk av ord. For denne veka fekk eg æra av å ta over som sportsleiar i GD. Nå kan eg sjølv stå under den fargerike paraplyen på sidelinja og skildre idrettsglede, engasjement og innsats - heilt utan å ta skade av det.

Eg gler meg til å følgje presise curlingsteinar, elegante skihopp, kraftfulle kast og ambisiøse langskot. Eg gler meg til å skrive om verdsstjerner frå vårt distrikt som reiser verda rundt og gjer oss stolte. Men aller mest gler eg meg til å sjå nye fire og eit halvt-åringar som tek sine fyrste steg på ei idrettsbane, og får med seg minner, meistring og vener resten av livet.

Og kven veit, dersom min kombinerte fysioterapeut og sambuar godkjenner det, kan det kanskje bli eit aldri så lite comeback til hausten. Legekunsten har trass alt kome så langt at det må gå an å redde eit simpelt kne frå Lom.

Artikkeltags