Hagen tok storeslem

VANT: Johannes Arnhoff Hagen (i midten) frå Pillarguri badmintonklubb vant både double og herre singel. Her med makker Magnus Christensen frå Frogner.

VANT: Johannes Arnhoff Hagen (i midten) frå Pillarguri badmintonklubb vant både double og herre singel. Her med makker Magnus Christensen frå Frogner. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Johannes Arnhoff Hagen frå Otta vart NM-kongen

DEL

Vær hjemme selv om du er borte. Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Han vant like godt herre singel og herre double under junior-NM på Otta i helga. Dermed kan han krone seg sjølv som NM-kongen.

– Herleg at alt gjekk slik eg hadde tenkt. Dette var det store målet for sesongen og eg har lagt ned mykje trening for å oppnå dette, seier Hagen.

Nå skal han nyte sigeren litt før turen går over til Los Angeles der han skal vere med i US Open som varer i tre veker. Etter det skal han trene med det italienske landslaget.

–Kjempemoro, seier ungguten.

Mykje skryt

Dette er det største arrangementet Pillarguri badmintonklubb har arrangert og det vanka mykje skryt frå Norges Badminton Forbund.

– Byen var pynta med flagg, dei som er her er nøgde og alt er på plass og på stell. Pillarguri har vorte ein av dei store klubbane i Norge og det var naturleg at dei fekk arrangementet. Det har dei gjennomført med glans, seier president frå forbundet, Trond Wåland.

– Det sett vi pris på å høyre og eg føler vi har gjennomført eit godt arrangement. Eg vil takke alle dei som stilte opp, seier leiar i Pillarguri badmintonklubb, Lars Haugen.

NM-resultat

Herredouble: Johannes Arnhoff Hagen (Pillarguri) og Magnus Christensen (Frogner)
Damedouble: Randi Selle (Stavanger) og Thea Kristine Johansen (Sandefjord)
Mixed double: Fredrik Kristensen (Moss) og Natalie Syvertsen (Moss)
Herre singel: Johannes Hagen (Pillarguri)
Damesingel: Marie Wåland (Kristiansand)

Les meir i måndagens avisutgåve av GD!

Artikkeltags