Kan Klæbo få sin revansje på Lillehammer? – Nå er programmet klart

Johannes Høsflot Klæbo tok ein Oddvar Brå sist han var på Lillehammer.

Johannes Høsflot Klæbo tok ein Oddvar Brå sist han var på Lillehammer. Foto:

– Det blir publikumsvenlege øvingar for verdscuptilskodarane på Lillehammer, meiner Per Olav Andersen i Olympiaparken.

DEL

Da Johannes Høsflot Klæbo sist konkurrerte på Lillehammer øydela han sine sjansar allereie fyrste dagen med å knekke staven i semifinalen på sprinten.

Nå er programmet for verdscuphelga komande desember klar. Denne gongen blir det ingen minitour, men fleire moglegheiter for Klæbo til å vise superspurten.

Olympiaparken er klare

For fyrste gong er det Olympiaparken sjølve som skal arrangere verdscup i hopp, kombinert og langrenn i Lysgårdsbakkane og på Birkebeineren skistadion. Denne gongen blir det såkalla duatlon med skibyte på Lillehammer laurdag 7. desember og langrennsstafett sundag den 8.

Laurdag blir det hopprenn for kvinnene i den minste Lysgårdsbakken, sundag skal dei hoppe i storbakken. I tillegg til dette blir det kombinertrenn begge dagane.

– Vi er nøgde med programmet, og meiner dette bør vere attraktive øvingar for publikum, seier administrerande direktør i Olympiaparken Per Olav Andersen.

Han seier at dei allereie har fått på plass viktige folk for å arrangere renna på ein best mogleg måte.

Artikkeltags