- Det mest gledeleg er at vi berre får positive tilbakemeldingar. Det som deltakarane skryt mest av flotte løyper i fantastisk natur, seier rennsjef Ole Petter Brendstuen.
Ekstra gledeleg for rennsjefen er det at sjølv om «Furusjøen Rundt» konkurrerte med sju andre turrenn denne helga var det like mange deltakarar i år som i fjor.
– Det viser at vi har etablert oss og har fått eit godt rykte. 121 frivillige bidreg til å gjere forholda optimale, seier Brendstuen.
Han kan også melde tilbake om at det var bra med publikum rundt løypa.
Halsa Bakken og Sæle best
Turrennet er delt opp i to løyper, ei på 20 kilometer og den lengste er på 45 kilometer. I herreklassa var Erling Christiansen frå Koll/Milslukern raskast med tida 2:08:04, mens i kvinneklassa var Kari Øyre Slind frå Oppdal suveren med tida 2:30:16.
Beste lokale løpar i herreklassa var Eirik Dimmen Sæle frå Lillehammer skiklubb som kom på andreplass på tida 2:08:12, mens i kvinneklassa kom Guro Halsa Bakken frå Sør-Fron på tredjeplass med tida 2:37:27.
- Proft opplegg
- Eit veldig bra arrangement og opplegget virker proft. For eigen del var vi ei gruppe på sju personar som drog fram til den lengste bakken der eg og Erling fekk ei luke. Han sette inn eit langt drag mot slutten eg ikkje klarde å henge med på, seier Sæle til GD.