Verdas beste skal springe Besseggen

HAR REKORDEN: Thomas Bereket (fremst) sette ny rekord i Besseggløpet i 2014 med tida 1:15:40. I år stiller verdas beste fjelløper, Killian Jornet Burgada, opp til start. Vil rekorden til Bereket halde?

HAR REKORDEN: Thomas Bereket (fremst) sette ny rekord i Besseggløpet i 2014 med tida 1:15:40. I år stiller verdas beste fjelløper, Killian Jornet Burgada, opp til start. Vil rekorden til Bereket halde? Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Killian Jornet Burgada frå Spania er ei megastjerne i løpeverda. Nå skal han bryne seg på rekorden i Besseggløpet.

DEL

- Han er den desidert største stjerna i fjelløp. På Facebook har han over 600.000 likes og han er ei internasjonal stjerne, seier eldsjel og arrangør av Besseggløpet, Tor Erik Moen frå Besseggen fjellpark.

Vann Lomseggen Upp

Laurdag formiddag går startskotet for årets utgåve av Besseggløpet. På startstreken står Burgada og sambuaren Emilie Forsberg. Forsberg har meldt at ho skal ta løpet som ein treningstur, men det er knytt store forventningar til kor fort superstjerna Burgada kjem til å springe. Da han var med på Lomseggen Upp nyleg hadde han små problem med å vinne motbakkeløpet. Aller nærmast kom unggutten Vegard Galaaen frå Bøverdalen, som hamna to minutt bak løpsstjerna. Galaaen er førebels ikkje meldt på til laurdagens Besseggløpet.

- Til nå er det 140 deltakarer som har meldt seg på. Det blir spanande å sjå korleis Burgada gjer det i forhold til rekorden til Thomas Bereket, seier Moen.

LES OGSÅ: Slo 51 år gamal løperekord

Rekord frå 2014

Bereket frå Larvik har vore suveren i løpet i dei åra han har delteke. I 2014 greidde han endeleg å ta rekorden over Besseggen med tida 1:15:40. Den tidlegare rekorden hadde Reidar Andreassen frå 1963 da han sprang på 1:16:48. Besseggen er 14 kilometer lang og ein vanleg fotturist bruker om lag 5-7 timar på turen frå Memurubu over eggen til Gjendesheim eller Bessheim. Besseggløpet følgjer stiruta og målgang er ved Gjendesheim.

Arrangøren tykkjer det er morosamt at superparet kjem til distriktet for å delta på løpet.

- Det er sjølvsagt ekstra stas for oss som arrangør at han viser løpermiljøet at han kjem til Besseggen. Han når ut til særs mange i løpermiljøet. Det er også artig at Tuva Toftdahl Staver kjem tilbake og skal springe, seier Moen.

Vil ha fleire deltakarar

Han skulle gjerne sett at fleire lokale mosjonistar blir med enn dei som til nå har meldt seg på.

- Eg ser helst at folk melder seg på via nettet før dei kjem, men det er berre å kome til start. Utfordringa er sjølvsagt kapasiteten på båtane, seier Moen.

Begge Gjende-båtane tek til saman 180 personar. Når det gjelder været melder yr.no at det blir fint under løpet, sjølv om det kjem ein del regn fredag kveld.

Oppland Xtreme Triathlon

Det er ikkje bare over Besseggen at det arrangeras et løp utanom det vanlige. Også Oppland Xtreme Triathlon arrangeras laurdag. Der er det 3,8 kilometer symjing, 200 kilometer sykkel, før det avsluttas med 42 kilometer med løping og målgang ved Rondvassbu. Med andre ord er dette en skikkelig kraftprøve. Startlista viser at nokre av dei lokale namna er Pål Atle Fagerli, Tore Weldingh og Marius Killi.

Artikkeltags