Stem inn saksumsdølar!

Av
DEL

leserinnlegg

Ved førre val var nedlegginga av Saksheim og Buvollen skolar det heitaste temaet i Lillehammer-valkampen. Ved dette valet har utkantane i kommunen vore nærmast fråverande i debatten. Vi som er opptekne av heile kommunen såg i skulesaka kor viktig det var at vi hadde representantar frå grendene i kommunestyret og representantar som talte grendene si sak. Hadde det vore fleire representantar frå grendene i kommunestyret, kunne kanskje utfallet av skulestruktursaka vorte annleis for fire år sidan.

Skulenedlegging er berre eit av mange døme på kor viktig det er at nokon representerer grendene. Helst frå mange ulike parti. Ved dette valet har både Raudt og Senterpartiet fleire kandidatar frå grendene på sine lister, og andreplassane på begge listene bur i Saksumdal. Også Venstre og KrF har kandidatar frå Saksumdal.

Raudt vil ha levedyktige og aktive grender i Lillehammer kommune. Vi meiner at det bør vere like lett å busetje seg i grendene som i byen. For nokre passar det betre å bu på bygda enn å bu i byen. Aktive grender kan vere eit godt korrektiv til byutviklinga. Bygdene har særlege kvalitetar når det kjem til rein luft og natur, stillheit, nærheit til primærnæringar og eit godt samhald. Vi trur at desse kvalitetane kjem til å bli stadig meir vektlagt i tida framover, spesielt med tanke på E6-utbygginga og fortetting i bymiljøa. Raudt ønskjer å vere eit parti for heile kommunen, grender som by. Vi ønskjer å vere talerøyr for heile kommunen og vi lovar å fremje også grendenes interesser i kommunestyret.

Eva Marie Mathisen, 2. kandidat for Raudt Lillehammer og Saksumdalspatriot

Artikkeltags