Gå til sidens hovedinnhold

Stenger omsorgssenteret for besøk på grunn av smitte

To tilsette og to pasientar er smitta dei siste dagane.

– Vi har bestemt at Follebutunet blir stengt for alle besøkjande, men det er unntak dersom pårørande treng besøke svært sjuke bebuarar, fortel ordfører Anette Musdalslien (Sp) til GD.

Omsorgsheimen har 29 pasientar og drygt 50 tilsette.

Smittevegen er ikkje klarlagt enda.

Vaksinert

Dei to bebuarane og ein av dei tilsette er fullvaksinert. Ordføraren vil ikkje gå i detalj om kvifor ein tilsett ikkje er vaksinert.

– Det er alltid gode grunnar til slikt. Dessutan er det eigne regime tilsette som ikkje er vaksinert må forhalde seg til, forklarer ho.

Alle pasientar har hatt negativt resultat på hurtigtest, og alle tilsette måtte "bestå" ein hurtigtest onsdag morgon, før dei fekk ta til på jobb.

– Vi veit derfor ikkje kva slags koronavariant det er snakk om enda. Det svaret regnar eg med at vi har torsdag.

Alle pasientar ved omsorgssenteret som harr takka ja til vaksine, er fullvaksinert. Dette gjeld dei aller fleste.

Fram til kommunen har full oversikt på smitteomfanget, vil Follebutunet har besøksrestriksjonar.

Les også

– Mange som takket nei, ber nå om å bli vaksinert mot korona

Vaksine hjelper

– Kva synes du om at fullvaksinerte blir smitta?

– Vi veit at vaksina gjev god beskyttelse, men at det alltid vil vera ein risiko.

– Likevel, og uansett, er det viktig at så mage som råd tek i mot tilbudet om vaksinering, meiner Musdalslien

Etter det ho er kjent med, er det berre desse fire personane i Gausdal som nå er smitta av korona.