Gå til sidens hovedinnhold

Stjernespelaren har signert treårskontrakt

Tidlegare NHL-proff Andreas Martinsen har signert ei treårskontrakt med Lillehammer Ishockeyklubb.

Martinsen kom attende til L.I.K. etter mange års spel i utlandet i fjor, og spelte den amputerte sesongen i L.I.K. Nå er han altså klar for tre nye sesongar i klubben han debuterte for i 2007.

I si tid i verdas beste ishockeyliga, NHL, var han innom Colorado Avalanche, Montreal Canadiens og Chicago Blackhawks. Han har også spelt i Tyskland, Sverige og Sveits.

Les også

Andreas Martinsen åpner for å bli på Lillehammer: – Hadde vært gøy å være med på reisen

Da han kom attende til Lillehammer signaliserte Martinsen at han i utgangspunktet hadde tenkt seg attande til spel i utlandet, men den utrygge situasjonen knytt til koronaen førte han heim att. I mellomtida har familien, som GD fortalde i vinter, kjøpt seg småbruk på Brøttum.

– Det er vanskeleg å seie kva som skjer. Særleg når situasjonen er slik som den er nå. Alle veit at eg har lyst til å dra, men eg har andre ting i fokus nå. Eg vil berre spele hockey og ha det gøy. Også har eg ein familie. Dersom eg skal reise ein stad skal det liggje meir i potten, sa Martinsen til GD da han vitja podkasten «Ett spark» i januar.

Nå er han altså klar for å slå seg ned i området på permanent basis, og har skrive under ei treårskontrakt med Lillehammer ishockeyklubb.

GD oppdaterer saka.

Les også

Flytter til småbruk og krever mer for å forlate Lillehammer: – Får se om jeg får lyst til å flytte igjen