Gå til sidens hovedinnhold

Stopp rasering av helsevesenet!

Artikkelen er over 2 år gammel

Leserinnlegg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Kjære helsepolitikarar med helseministeren i spissen, samt leiarar og direktørar av ymse slag.

Valgflesk harsknar fort i varmen.

Fødeavdelingar, akutt- og spesialsjukehus samt rehabiliteringsinstitusjonar står i fare over heile landet vårt takka vera eit helsebyråkrati og ein politikarstand som lever sitt eige liv. Sentralisering, helseføretaksmodellen og NPM øydelegg mykje på sin veg og etterlet seg raserte fagmiljø, mindre helsetryggleik spesielt ute i distrikta og det er sjølvsagt pasientane som vert sitjande med Svarte Per.

Trur Dykk verkeleg at satsing på helseplattformar og digitalisering er til noko hjelp om ei kvinne held på å føde eit prematurt born, ein KOLS pasient GOLD IV har dalande surstoffmetning med blåbærblå lepper eller ein person har ramla om med hjartestans, vêr og geografi ikkje tillet lufttransport og det attpåtil er særs langt til næraste sjukehuset?

Er målet at mest mogleg av norsk helsevesen skal privatiserast og jamvel tilpassast internasjonal marknad? (jmfr nye TISA). Er alt berre eit velregissert distrikts- og pasientfiendtleg pengesirkus?

For pasientane er dette alvor, skikkeleg alvor og mang ein gong står det om livet eller det å leva verdig.

"Godt nok" er ikkje alltid godt nok. ALLER BEST og individuelt tilpassa brukar er det vi pasientbehandlarane og pasientane alltid søkjer å oppnå.

Ja, takk til eit helsevesen som kan ta optimalt vare på kvar einskild si psyke og fysikk!

Ja, takk til at politikarane bevilgar naudsynte pengar til såvel spesialist- som primærhelsetenesta slik at ein slepp å berre drive re-innleggings og brannsløkkingsarbeid.

Ja, takk til at avbyråkratiseringsreformen slankar helsebyråkartiet og gjev meir pengar der behandlinga av pasientane føregår.

Stopp raseringa av tilbodet som Granheim og alle noverande akutt- og spesialsjukehussjukehus samt ulike rehab insititusjonar rundt om i landet vårt gjev!