Gå til sidens hovedinnhold

Støtte til nytt slakteri

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er usemje i kommunane i Gudbrandsdalen om dei bør støtte bygginga av eit nytt slakteri i dalen. Nokon er redde for konkurranse til Nortura, «Bøndenes eget selskap».

Dessverre er ikkje alle bønder med i dette «gode selskap». Når selskapet streva for nokre år sia, og bad medlemmane om lån, var summen ein skulle betale inn, like stor enten du var stor eller liten produsent av slakt. Men når det kjem til betaling, er det større bonusar dess meir du leverer. Altså blir ikkje samvirkeånda praktisert.

Slik var det naudsynt for oss å sjå seg om etter eit anna slakteri, som nyoppstarta småbrukarar.

Så er det ikkje berre tilhøvet den einskilde gardbrukar har til eit slakteri, som tel. Vi har eit samfunn rundt oss, som slit med fråflytting og bortfall av arbeidsplassar. Er det ikkje da naturleg, at vi må utnytte dei ressursane vi har og ta hand om vidareforedlinga av desse? Eg vil tru kommunane har gjett tilskot til både den eine og andre konkurrenten innanfor andre bransjar.

Eg prata i dag ved ein sauebonde som ikkje hadde fått levert lam enda, fordi Nortura sitt anlegg på Gol er stengt pga. koronautbrot. Slik er verda meir sårbare dess færre slakterianlegg det blir.

Ein ting er sikkert, mat lyt oss ha! Gjerne med historie rundt, lokal og ikkje minst med garanti om at dei som levere den; -dyra, har hatt eit godt liv heilt til dei heng på slaktekroken. Men lokal mat blir det ikkje så lengje dyra må reise både levande og daude halve landet rundt.

Eg vil oppmode kommunepolitikarane om å tenkje etter kva anna dei gjev økonomisk støtte til, for at vi kan ha ein levande dal med mange arbeidsplassar. Å støtte noko som verkeleg er matnyttig, burde vera heilt i takt med tida!

Fride Gunn Rudi, Ringebu