Stuttreist sommarferie i Ottadalen: Er du «heimblind»?  

Av
DEL

AKTUELT

Vi er heldigvis eit heimkjært folkeslag som likar å feriere i eiget land. Men i år gjeld det verkeleg å få augo opp for alt vi har rundt oss, som vi kanskje har sett oss litt blinde på.

Det er sommar, folkens. Og i år skal vi på noregsferie. Alle saman! Vi er faktisk ganske heldige. Ein ser nemleg ofte ikkje det som er nærmast – det andre kjem hit for å sjå!

Tenk på alle dei «korona-faste» Norges-venene som krafsar på porten inn til eventyrlandet vårt her i nord. Som så gjerne vil kome til oss for å nyte, smake og oppleve. Men som ikkje får lov å besøke oss akkurat i år.

I år har vi sjansen til å ha alt litt meir for oss sjølve. Vi bør også bruke pengane våre på å bu på lokale hotell og campingplassar, teste ut aktivitetar i nærområdet og eta ute på restaurant! Ein skulle dessutan tru det låg an til litt meir boltreplass for kvar enkelt av oss.

Fryktar ikkje «folkevandring» til fjells: Vi kan likevel ikkje love at du kan ta deg ein bolle på bakeriet i Lom utan å stå i kø, eller å vandre som Per Gynt, i einsam majestet over Gjendin-eggen. I alle fall ikkje om dei realiserer ferieplanane sine, dei 170.000 som ser for seg å gå over Besseggen i sommar, og dei 130.000 som har planar om å kome seg til toppen av Galdhøpiggen, ifølge ei undersøking utført av Ipsos i vår.

Vi fryktar ikkje ei ukontrollert folkevandring til fjells. Vi er berre glade for at 59 prosent av den norske befolkninga seier dei skal på noregsferie i sommar, og at majoriteten av oss ynskjer å oppleve landet sin storslegne natur, og å besøke restaurantar og spisestader, ifølge ei landsdekkande undersøking utført av Innovasjon Norge.

Vi vil uansett ikkje sjølve greie å dekke opp for tapet av internasjonale gjester som blir borte som følge av korona-tida. Men kvar og ein av oss vil vere viktige for dei lokale reiselivsbedriftene sitt vidare liv og virke.

Den vesle fjellkommunen Lom har til dømes berre 2300 faste innbyggarar, men over 3000 gjestesenger og enormt med menneske innom i løpet av sommarmånadane. I 2019 var det registrert nærmare 180.000 gjestedøgn innan hotell, camping og hytteutleige i Lom. Heldigvis utgjer nordmenn – på ein heilt vanleg sommar – godt over halvparten av dei besøkande. Så spørst det da kor mange kommersielle overnattingar vi sjølve greier å sove oss gjennom i lokale senger i år.

Er du klar for ein «stuttreist sommar»? I år er du invitert «heim» på ferie. Vi skal vi vere turistar i eiget land og gjerne i eiga bygd. Vi bør bytte ut solsenga i Syden med mjuk lyng i fjellheimen, sandalar med fjellsko og gyros med lokal elgburger! Få kjensla av luft under vingane frå området med landets største samling av 2000-meterstoppar – i staden for om bord i ein forureinande flykropp. Altså, vi bor midt oppi smørklatten av det norskaste grautfatet av vilte høgfjell, mektige brear, glitrande innsjøar, trivelege fjellstover og stuttreiste lokalmåltid som ein kvar Espen Askeladd berre kan drøyme om. I Ottadalen er det heilt normalt – og veldig fort gjort – å gape over for mykje. På ein bra måte! Så ta deg ein bolle i sommar. Som i «slapp av». Men sørg for at det er ein lokal ein!

Mari Arnøygard Wedum, fjellvertinne/dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags