Gå til sidens hovedinnhold

Styrk Gudbrandsdalen med ein høgskule!

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Eit regjeringsoppnemnt utval la tidlegare denne månaden fram ei utgreiing kalla «Det handlar om Norge». Utvalet er leia av Viktor Norman, og har sett på utfordringane til Distrikts-Noreg.

For Gudbrandsdalen, som lir av feilslått sentraliseringspolitikk frå dagens regjering, er utgreiinga høgst relevant. Blant dei største utfordringane Gudbrandsdalen har, er at for få ungdom vender attende til regionen etter enda utdanning.

Utgreiinga slår fast at utdanning er noko av det mest sentraliserande som finst. Studiestadene ligg som regel i større byar. Ungdommen må flytte ut av regionen for å få seg høgare utdanning. I tilknyting til studiestadene etablerast det bedrifter som rekrutterer nyutdanna frå den enkelte studiestaden. Ofte førar dette til at fleire bedrifter blir starta og ein får ein stor og etablert arbeidsmarknad.

I mange tilfelle finst det sjeldan ein relevant arbeidsmarknad for personar med høgare utdanning utanfor desse store arbeidsmarknadane. Dette gjer at for få kjem attende til regionen etter enda utdanning. Ein annan konsekvens er at kommunane slit med å rekruttere folk til ingeniørfag og omsorgssektoren.

På Tynset har seks kommunar gått saman og etablert Tynset Studie og høgskolesenter. Høgskulesenteret utdannar lærarar, sjukepleiarar, økonomar og IT-ingeniørar til offentleg og privat næringsliv. Dei tilbyr og etter- og vidareutdanning retta mot privat og offentleg sektor. Høgskulesenteret på Tynset har ca. 120 studentar, og har etablert eit samarbeid med ulike utdanningsinstitusjonar som til dømes NTNU.

Stat og privat næringsliv ser på særleg to utfordringar som ligg framom oss: Behov for meir kompetanse og utvikling av ny teknologi. Ein regional- og desentrali­sert høgskulestruktur kan forsyne regionen med kvalifisert arbeidskraft for å møte dette. Dei som vel å studere i same region som dei kjem frå, blir ofte verande etter enda utdanning. Tek du eit val om å studere i heimregionen har du eit ønskje om å bli verande på heimstaden. «Normanutvalet» viser til ei undersøking frå Vestlandet. Ni av ti av som voks opp i ein region på Vestlandet og tok høgare utdanning der, arbeidde i den same regionen både to og fem år etter enda utdanning.

Det har vore og er eit stort fokus på kommunesamanslåing i Gudbrandsdalen. Å tappe Gudbrandsdalen for enda fleire kompetansearbeidsplassar meiner Senterpartiet er ein dårleg ide. Ikkje blir det betre tenester for folk og ikkje blir det fleire innbyggjarar. Denne regjeringa har sett i gang nok sentraliserande reformer utan innhald og styring. I staden for å bruke meir ressursar og energi på ein splittande og kostnadskrevjande kommunereform, må det i staden investerast for framtida.

Kommunane i Gudbrandsdalen bør gå saman om å etablere eit høgskulesenter i Gudbrandsdalen med mål om å vidareutvikle regionen og lyfte fram næringslivet. Vi inviterer alle kommunane i Gudbrandsdalen til ein felles idedugnad om dette. Gudbrandsdalen treng arbeidsplassar og ein arbeidsmarknad innanfor IT, teknologi, pedagogikk og omsorgstenester. I tillegg trengst det eit overskot av yngre folk som vil etablere seg i regionen. Eit høgskulesenter, i samarbeid med til dømes NTNU og Høgskolen i Innlandet, vil vera eit godt fundament og ei viktig og god investering for framtida. Det er ungdommen det handlar om!

Ole Tvete Muriteigen, ordførar Sør-Fron (Sp)
Anders Bergseth, formannskapsmedlem Sør-Fron (Sp)
Asbjørn Stensrud, listekandidat Stortingsvalet 2021 (Sp)