Gå til sidens hovedinnhold

Svaret frå Høgre har så langt vore å sentralisere og legge ned

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Vi i Senterparitet har vore tydelege over mange år på at vi treng ein vidaregåande skule tilstades i heile Innlandet. Fylkesutvalet har dei siste månadane gjeve uttale til to NOU-ar som omhandlar folketals- og næringsutvikling, distriktspolitikk og kor viktig det er å legge til rette for desentralisert utdanning.

Men for Høgre ser det ut til at desentralisering kun gjeld på papiret og ikkje i praksis. Dagens regjering har gjort det meir kostbart for fylkeskommunen med eit breidt tilbod med yrkesfag ved å splitte opp og spesialisere på VG2, men det fylgjer ikkje med ekstra midlar for å gjennomføre dette, heller ikkje til utstyr som trengs. Det var gjort fleire gode grep i fagfornyinga, men for oss med så store avstandar og elevtalsnedgang fører dette til at vi må investere meir for å få tilbod til dei fleste.

Svaret frå oss i Sp og Ap er å løyve 10 millionar kroner ekstra for å sette i gang fleire tilbod og 30 millionar kroner til utstyr i samband med fagfornyinga. Vi meiner at det er avgjerande å ha flest mogleg yrkesfaglege tilbod i alle regionar. Vi ynskjer at flest mogleg skal kunne få oppfylt draumen sin om å starte på det utdanningsløpet dei ynskjer.

Svaret frå Høgre har så langt vore å sentralisere og legge ned. Nå vil dei digitalisere. Vi forstår ikkje korleis ein som ynskjer å gå Restaurant- og matfag på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skal kunne få det utdanningstilbodet på Otta utan at tilbodet er der? Vi forstår ikkje korleis VG2 Industriteknologi på Dokka kan ha det tilbodet digitalt? Vi forstår heller ikkje korleis vi kan ha eit tilbod med musikk i Nord-Østerdal utan at tilbodet fysisk er på skulen?

Det vi støttar Høgre på, er at vi treng å tenke nytt! Til dømes når nå VG2 Salg og reiseliv i Nord-Gudbrandsdal kun har to søkjarar, da må vi kunne finne alternative løysingar for dei som gjer at dei kan fullføre løpet sitt. Vi ynskjer også å sjå på noko som blir kalla Steigen-modellen, som i tett samarbeid med næringslivet har modulbasert opplæring gjennom heile utdanningsløpet til eleven. Vi må også bruke moglegheitene digitalisering gjev, men ikkje som ei erstatning for konkrete tilbod.

Realiteten er at når yrkesfagtilbod forsvinn frå ein region, forsvinn også lærlingane. Det er ei varsla utvikling, og vi har døme på dette allereie. Like mykje som desentralisert høgare utdanning, må vi ha desentralisert vidaregåande utdanning for at elever i heile fylket skal kunne leve ut sine draumar for framtida.

Sp vil ha vidaregåande skuletilbod i alle regionar, at fleire skal lære meir, at alle skal ha like moglegheiter til å velje sin veg og at opplæringa skal vere fleksibel.

Hove Aud og Mari Gjestvang, fylkesvaraordførar Innlandet fylke og leiar i Hovudutval for utdanning Innlandet fylket (Sp)