Gå til sidens hovedinnhold

Takk til dei som våger i seie meininga si

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Takk til dei som våger i seie meininga si om meir hyttebygging i Gausdal. Vi som innbyggjarar har meir enn nok avgifter og skattar om vi ikkje skal vera med å koste utbygging av vatn og avlaup på Skei. Det er sjølvsagt at dei som vil ha hytter må koste dette sjølve, så noko spleiselag vil vi ikkje vera med på.

Eg vonar at politikarane nå skjønar at tida er moden for å stanse graving i urørt natur. Kva skal vi med dei fine fjella rundt Skei viss det skal vera hytter rundt alle stader ein kan gå på ski og føter. Nå må vi taka vare på det som er att av natur.

Dersom det argumenterast med at det blir fleire arbeidsplassar, så vil ikkje det gje meir inntekt til kommunen enn utgiftene til all utbygginga av vatn og kloakk. Her går reknestykket ikkje opp i pluss, så tenk døkk om politikarar!

Torgunn H. Maurset, Follebu