Nå er snart varaperioda mi på Stortinget over for denne gong. Det er interessant å få innblikk i politiske prosessar frå innsida, spesielt no når det ikkje lenger er ei fleirtalsregjering. Det vitaliserer politikken både på godt og vondt. Det gjev opning for nye konstellasjonar og fleirtalsvedtak. Likevel må vi ha med oss dei lange linjene i det som har skjedd av reformar og endringar dei siste åra.

Som politikar blir vi ofte utfordra på det som ikkje fungerer og slik skal det vere. Det som er vanskeleg, er når vi ikkje er i posisjon til å bestemme. Ta for eksempel sjukehusa og helseføretaksmodellen. Tidlegare var ansvaret for sjukehusa lagt til fylkeskommunen med politisk kontroll. Nå blir viktige vedtak gjort i Helse Sør-Øst av eit styre som ikkje står til ansvar for sine veljarar. Dette skulle kanskje føre til raskare prosessar, meir effektiv forvaltning og god målstyring. Men resultatet er fokus på bedriftsøkonomiske prinsipp framfor helsefaglege vurderingar.

Vi har opprettinga av Nye veier AS. Eit statleg selskap som fekk eit eige ansvar for korleis dei skulle prioritere utbygging av riks- og europavegnettet. Statens vegvesen skulle få konkurranse og nå skulle det byggast billigare og raskare. Her er midlane løfta ut av politiske prosessar og i praksis har vi ikkje styring over dette. Det har ikkje ført til mindre bompengar og det ser heller ikkje ut til at vi får ei meir heilheitleg utbygging av vegstrekningar. Det vi ser er at bompengefinansieringa på ingen måte har vorte mindre og fullføringa av E6 er framleis i det blå. Frp ynskjer også dette systemet for jernbanen og vil opprette Nye baner.

Nå skal Stortinget behandle Prop. 90 L – Endringar i naturmangfaldlova der eit av forslaga er å opprette ei rovviltklagenemnd. Da vil ein lyfte det politiske ansvaret for klagebehandling på vedtak over på fagpersonar utan organisasjons- eller partstilknyting. Dette bør og skal vere eit politisk ansvar. Derfor er det bra at det no er eit nytt fleirtal med Sp, Ap og Frp som stoppar dette.

Det er stadig fleire politikarar som no seier at vi skal bruke heile landet. Også regjeringa har byrja å si og skrive det, men dei skal berre sentralisere litt fyrst. Nærpolitireforma skulle få politiet ut til folket og resepten var å legge ned mange lensmannskontor. Den har enda opp med eit meir fjernt politi og Politidirektoratet bestemmer no meir enn tidlegare over korleis midla skal prioriterast og fordelast og over korleis politiet skal organiserast. Det same gjaldt domstolane. Dei skulle sentraliserast, effektiviserast og moderniserast. Heldigvis har også her eit nytt fleirtal på Stortinget med Sp, Ap og Frp fått stoppa dette.

Så har vi regionreforma, som er den største sentraliseringsreforma som nokon gong har vore gjennomført i Norge. Dette skulle vere ein demokratireform, men resultatet er færre politikarar. Fylkeskommunane skulle blir meir robuste og effektive, men så langt har vi fått større avstandar, mindre pengar og nesten ikkje nye oppgåver som det var lova. Her får vi håpe på eit nytt fleirtal ved neste val som kan rette opp att tvangssamanslåinga.

Den blåe tråden i dette er at mest mogleg skal ut av offentleg forvaltning, marknaden skal fikse det meste og stort og større er best. Når vi no opplever nye konstellasjonar på Stortinget og folk byrjar å sjå konsekvensane av denne regjeringa sin politikk, skal det bli spennande med stortingsval i 2021. Måtte det bli eit val for demokrati, politisk styring og tenester der folk bur.

Aud Hove, stortingsrepresentant (Sp), Oppland