Gå til sidens hovedinnhold

Tillit til psykiatri

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I eit innlegg er Ulf Holberg inne bl.a. på tendensen til stadig nye diagnosar, og av og til ein type overbehandling. Det er snart ikkje måte kva ein kan setja merkelapp på i vår tid, utan at samfunnet i tilstrekkeleg grad greier å førebyggje eller forhindre ei slik utvikling, der kanskje det normale stundom vert unormalt.

Innsikt og kunnskap går nok framover; På 1920-talet kunne det stå i enkelte lærebøker i psykologi at menn var disponert for piperøyking, og kvinner, ikkje uventa, skapt for handarbeid. Nå har nok pipa fått ein litt annan låt. Kvinner seglar opp på sida, eller til og med forbi, i fag som berre menn tilsynelatande hadde føresetnader for.

Likevel vert innsikt i menneskesinnet aldri nøyaktig naturvitskap, og som Holberg er inne på, kan dette gje ulike utslag i form av behandling, frå det gode til det mindre bra.

Psykologi i skjema og rubrikkar, var eit uttrykk Knut Hamsun nytta om G. Langfeldt og andre som sette diagnosar etter krigen. Mange tvila på at merkelappen «varig svekkede sjelsevner» kunne passe på ein olding som kunne skrive «Paa gjengrodde stier».

På siste Skavlan, fredag Sv1, var det eit tankevekkjande intervju med den britiske popkometen Ed Sheeran. (50 mill. selde album). Etter all viraken og suksessen skulle han ta ei pause frå musikken, og fekk ein alvorleg depresjon ingen fann heilt ut av. Sjølv meinte han, som den skapande sjela han var, at ikkje å skape noko gjorde han djupt ulukkeleg og deprimert. Da er vi attende til noko av det som var etterlyst i artikkelen, å skape ein positiv kultur for å utvikle seg, og kunne vera seg sjølv. Derfor er vel innsatsen som vert gjort av eldsjeler innan idrett, musikk og mangt anna, av uvurderleg verdi, og ikkje minst eit skulesystem som tek vare både på samarbeidet og prestasjonen.

Kunnskap og innsikt er nok heile tida i utvikling, men menneskesinnet er kanskje nokså likt. Ein kjend gresk samfunnsvitar og filosof uttrykte for eit par årtusen sidan: «Det er gitt enhver å bli sint, men å bli sint i rett øyeblikk, på den riktige person, i rett omfang, og med det rette formål, det er ikke gitt enhver. Å tenne er ikkje eit mål i seg sjølv, derimot eit samfunn med mindre frykt og angst, som mange vil hevde har samanheng med sinne og aggresjon.

Hans Sandviken, Vinstra

Vi kan ikke stole på psykiatrien