I vår raskt omskiftelege verd, der haldningar, motar og anna, lett skiftar preg over natta, kan det vera forfriskande å sjå liner eller samanheng. Det er og lett å vera etterpåklok; å sjå ein langsiktig tendens noko anna. No viser det seg at lange liner enkelte såg i etterkrigsverda, med eitt er i skotlina at, i forholdet aust vest.

Ristingane i grunnvollane midt i Europa, har utløyst små skred av sjølvkritikk i mange land, særskilt blant dei som var for godtruande eller naive i forholdet til motparten; no er det naturlegvis stor skilnad på Gorbatsjov og Putin, men sluttinntrykket er gjerne det som festar seg.

I desse dagar blir gjerne overdriven tru på handel eller våpenforhandlingar set på som naivt, om motparten ikkje har gode hensikter. For ein del år sidan var krigshissing eller å yppe til strid det.

Å vera realistisk er gjerne beste botemiddelet. Det var vel det han var, George Kennan, amerikansk diplomat i Moskva i mange år etter Andre verdskrig. Han er så vidt eg forstår med sitt syn framleis ein slags «ledetråd» i vestleg utanrikspolitikk. Kennan samanlikna systemet i aust med ei bølgje, som ved å passere uhindra, ikkje lét seg stoppe. Derfor var det viktig å demme opp for denne bølgja (contain). Containment var dette forsøket på å møte kommunistisk trussel, der det utgjorde ein fare, kalla, og viktig under president Truman. Det er på mange måtar der vi er attende 70–80 år etterpå. Om det er ein langsiktig skjebnens ironi, eller feil personar på feil plass til feil tid, er ei anna sak.

Hans Sandviken, Vinstra