Gå til sidens hovedinnhold

To bilar køyrde av vegen og rulla rundt

Både i Øyer og i Heidal har bilar køyrd av vegen og rulla rundt laurdag morgon.

Fyrst var det ein bil som køyrde av vegen på gamle E6 i Øyer ved åttetida laurdag morgon.

– Bilen rulla rundt ei runde, men står nå på hjula. Det er noko skader på bilen, fortel operasjonsleiar Arne Norevik i Innlandet politidistrikt.

Det var ein person i bilen, denne skal ha smerter i nakken, men skal elles vere uskadd.

Ifølgje politiet var det veldig glatt der ulykka skjedde.

Ein snau time seinare var det ein annan bilist som leid same skjebne på fylkesveg 257 i nedre Heidal. Også her var det ein bil som køyrde av vegen og rulla rundt. Det skal etter forholda stå bra til med føraren, og denne er oppegåande. Det skal vere halvglatt føre også her.