Gå til sidens hovedinnhold

Tre nye smitta i Lom - nærkontaktar i fleire kommuar

Det melder Lom kommune sundag ettermiddag.

Totalt er nå fire smitta i kommunen. 24 er sett i karantene.

- Personane var allereie i karantene, og er nå ivareteke og sett i isolasjon. Smittekjelde knytt til fyrste smittetilfelle er framleis ukjent. Testing av dei nye nærkontaktane vil bli gjort fortløpande. Smitta er knytt til Miljøarbeidartenesta i Lom kommune. Nærkontaktar er busett i fleire kommunar. Nærkontaktar blir definert gjennom smittesporingsarbeidet, som blir leia av kommuneoverlegen, melder kommunen.

Kommunen har god testkapasitet og kommuneoverlegen oppmodar alle som har symptom til å teste seg.