Trekkspel-legenden vart hylla då han skulle fylt 100
Artikkelen er over 3 år gammel
Det er voldsomt god oppslutning til jubileumshelga «Nygaard i 100» på Sør-Fron. Laurdag ettermiddag vart den legendariske trekkspelaren frå Hundorp hylla under eit konsertarrangement på Rudi Gard. Det er nemleg 100 år sidan han vart fødd. GD var til stades under festen. Nygaard døyde i april 1985. Si første plate laga han i 1942. I fleire generasjonar var Oddvar Nygaards kvartett eit kjent namn i norsk musikkliv. Dei vann Spellemannprisen 1973 i klassen folkemusikk/gammaldans. Sjølv komponerte Nygaard om lag 170 melodiar. Her er nokre glimt frå feiringa i Sør-Fron laurdag.
Du har nå sett Trekkspel-legenden vart hylla då han skulle fylt 100