Gå til sidens hovedinnhold

Trengs eit slags Mattilsyn i eldreomsorgen?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Som bonde måtte eg etter mange år med dyrestell ta eit kurs hos Mattilsynet for å bli god nok til å stelle dyra mine. Noko av det Mattilsynet var veldig opptatt av, var at dyra ikkje skulle stressast, det var ikkje god dyrevelferd.

Det kan heller ikkje vera god velferd når eldre menneske blir usikre og redde når dei blir gamle og sjuke. Nå er det jamleg oppslag i avisene om eldre og pårørande som fortel at dei ikkje får den hjelpa dei har krav på. Kommunerepresentantar vil ikkje svare i media på såkalla enkeltsaker, sjølv om dei det angår har løyst dei frå teieplikta.

Det merkeleg at når einskildsaker blir omtalt i media, løyser ofte sakene seg. I alle fall for ei stund. Er det rett at dei svakaste i samfunnet- eller pårørande-, stadig må ta den belastninga for å få den hjelpa dei har krav på?

Det er vel ingen som vil på gamleheimen om dei ikkje må? Folk som er både 80 og 90 år, har jobba heile livet frå dei var skuleborn, og mange også etter at dei vart pensjonistar. Folk som nå er totalt utslitne. At det ikkje politisk blir gjort betre prioriteringar for denne gruppa, er heilt uforståeleg.

Det som kjem fram i media er berre toppen av isfjellet, det er svært mange som lir stille i samfunnet vårt. Hadde eg hatt ansvaret for dyr og ikkje gjort noko med eit sjukt og svakt dyr hadde Mattilsynet tatt frå meg retten til å drive med dyr. Kvifor er det ikkje eit slikt tilsyn og regelverk når det gjeld eldreomsorg?

Det blir prata og skrive mykje om eldrebølga som snart kjem. Det verker slett ikkje som kommunane har tatt det innover seg. Det blir brukt mykje pengar i kommunen, det skal byggast park, det blir lagt vatn og kloakk på Kvamsfjellet for eit enormt millionbeløp. Kvifor kan ikkje utbyggar og hyttefolket sjølve ta rekninga? Så kan heller noko av pengane nyttast til eldreomsorg og dei gamle få hjelpa dei treng. Det blir trass alt innbyggarane i kommunen som får gleda av å betale. Det skal ikkje førast populistisk politikk.

Ole-Petter Berget, leiar, Nord-Fron Bonde og Småbrukarlag