Gå til sidens hovedinnhold

Treningssenteret er stengt. Alt håp er ute ...

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er berre å droppe sommarkroppen. Nå gjeld det å gjere det beste ut av «koronakroppen» 2021.

Vi er inne i ein ny koronavår. Turlivet er for tida meir styrt av koronasesongane enn av vêrmeldinga. Dei fleste av oss sosialt underernærte og med varierande grad av brakkesjuke, «en betegnelse for de psykologiske konsekvensene for en person som må holde seg isolert over lengre tid (...)», ifølge snl.no. Vi sitt på kvar vår «brakke» og er usikre, rastlause og kanskje litt bekymra. Mest av alt lei av heile smitte-sulamitten.

Ei lita veke før påske var den registrerte koronasmitten i Norge nemleg høgare enn nokon gong tidlegare. Talet på innlagde koronapasientar var på høgde med april månad i fjor. Og vi som da trudde det heile skulle vere over på eit par veker. Samstundes innfører regjeringa dei nasjonale innstrammingane som har vore varsla dersom smitta ikkje gjekk ned.

Nå må vi altså halde fram livet med enda strengare smittevernreglar. Nokon slit med å tolke tometersregelen. Andre blir tørre i munnen av skjenkeforbodet eller strever med inn- og utpust bak medisinske munnbind. Og dei med vordande sixpack skjelv i muskulaturen over å miste faste treningsrutinar som følge av nedstengde treningssenter. Det kan kjennest som om at alt håper er ute. Og det er det faktisk. Utanfor døra di. Aldri har det utslitte slagordet; «kvifor sitte inne når alt håp er ute», passa betre. Irriterande nok. Grunnlaget for den sunne «heilårskroppen» blir ikkje lagt innandørs i år. Vi må ut for å sanke helsegevinstar framover.

«Naturen gir alle mennesker mulighet til å bli lykkelige, bare de forstår å benytte den». Kloke ord frå poeten Claudius Claudianus, som levde i antikkens Roma. Vi er heldige som i det heile tatt har fått nytte naturen i koronatida. Korleis hadde vi takla eit portforbod?

Koronapandemien gjer nemleg noko med vår livskvalitet og psykiske helse, sjølv om vi greier å halde oss smittefrie. Fleire slit med einsemd og psykiske plager, og ein av fire er ikkje fornøgde med livet, viser ei undersøking utført av Folkehelseinstituttet (FHI) hausten 2020. Da gjeld det å jobbe for ein best mogleg rusta «korona-kropp», som eg tenkjer på som kroppen sin fysiske og helsemessige tilstand etter å ha levd med koronarestriksjonar i over eit år. Dette er ikkje nødvendigvis eit negativt helsemål.

Ein artikkel i Psychology Today frå mars i fjor, gjev råd om korleis ein kan kome seg gjennom isolasjonen utan å gi tapt for brakkesjuka. Øvst på lista står faste rutinar, og blant dei; dagleg fysisk aktivitet. «Ta pauser i frisk luft hvis du har anledning til det,» står det. Noko eg meiner bør inn i arbeidsinstruksen til dei som sitt på heimekontor. Det treng ikkje vere strabasiøse løpeturar over milevis med stokk og stein. Sats heller på stutt og godt. Det skjer nemleg eit kanalbyte så fort vi forlèt trykkande stovevegger og blått skjermljos til fordel for ope landskap og mjukt underlag under føtene. Mange vil kjenne seg att i kjensla av auka indre ro og meir kreativ og positivt ladd tankeverksemd. Litt dagsljos og litt svetting kvar dag. Opp av sofaen. Over dørstokken, og vips; koronakroppen blir fylt av gode endorfinar – som dessutan gjer sofaen mykje betre etterpå.

Det er tid for tosemd. Ta med deg ein ven eller to på tur. Hald dykk to meter frå kvarandre. I skogen er det dessutan fint å vere heilt aleine. Forhåpentlegvis utan å kjenne seg einsam.

Mari Arnøygard Wedum, Lom, mellombels trillande husmor