Gå til sidens hovedinnhold

Tusen år. Tusen historier. Vår historie.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


I år feirar heile Gudbrandsdalen, Hamar bispedømme og Innlandet fylke kven vi er og kvar vi kjem frå: Hundorp2021 er fyrste grunnsteinen i Nasjonaljubileet Norge 1000 år.

«Det var eit svært regnvêr den dagen», heiter det i Snorres kongesaga. Året er 1021, og på Hundorp står kristningskongen Olav Haraldsson – seinare kjend som Heilag-Olav – opp mot hersen Dale-Gudbrand og hæren hans av gudbrandsdøler. Religion står mot religion. Fornying mot tradisjon. Mann mot mann.

Dale-Gudbrand forklarar kongen at dølane ikkje kan syne fram guden sin i dag på grunn av det låke vêret. Dagen etter er Gudbrand bønnhøyrd, det er gråvêr, men ikkje nedbør. Då seier kristenkongen Olav: «Snu dykk nå og sjå mot aust; der fer nå vår gud med mykje ljos.» Og i det sola bryt fram, blir bøndene blenda, kongens mann Kolbein Sterke lyfter klubba si og knuser det norrøne Tors-biletet – og gudbrandsdølane tek imot kristentrua.

«Tinget på Hundorp kommer da til å stå for vår bevissthet som det avgjørende optrin i vår kristningssaga», oppsummerer Innlandet sin nobelprisvinnar Sigrid Undset.

At Snorre legg «det avgjørende optrin i vår kristningssaga» til Hundorp skjer av ein grunn. Her stod dei gamle gudane sterkast. Her fell dei hardast. Hundorp er sidestilt med andre nasjonale ikonstader, som Stiklestad, Borre, Nidaros og Hafrsfjord – og i år blir denne posisjonen stadfesta på ny.

Gjennom heile 2021 vil tusenårsjubileet for dei symboltunge hendingane på Hundorp bli feira i Gudbrandsdalen og heile Innlandet under paraplyen Hundorp2021. Det er nå vi har sjansen – det er tusen år til neste gong.

Hundorp2021 skal styrke identiteten og skape stoltheit og framtidstru. Gjennom fokus på brytningstida mellom norrøn jernalder og kristendom vil vi gjere historia – og ikonstaden Hundorp, Dale-Gudbrand sin gard – relevant i dag.

Hundorp er samstundes starten og fanfara for det ti år lange Nasjonaljubileet som når sitt klimaks på Stiklestad tusen år etter 1030 – eitt av dei mest symbolsterke årstala i norsk historie.

Kvart år fram til 2030 vil Nasjonaljubileet bli ført vidare til ein ny geografisk ikonstad med eit nytt tema. Hundorp er altså startskotet og tusenårsjubileet i 2021, med temaet kulturmøte og endring – sett i ljos av religionsskifte og riksdanning. Samstundes kjenneteiknar nett kulturmøte og endring brytningstida vi sjølve lev i.

Hendingane i 1021 har sterke parallellar til vår eiga brytningstid. I vår tid møtest livssyn, tradisjonar og kulturar meir enn nokon gong som resultat av eit opnare og meir sekularisert samfunn. Vi står midt oppe i eit grønt skifte, med store samfunnsomveltingar. I møte med dette nye og ukjende er det viktigare enn nokon gong å forstå si eiga historie og sine eigne tradisjonar, og å utvide perspektiva i ei global samtid der motsetningar og nye moglegheiter er meir synlege enn på svært lenge.

Alt dette og mykje meir er Hundorp 2021. Jubileumsåret er ei gåvepakke til heile Innlandet. Dale-Gudbrand har gitt namn til Gudbrandsdalen, men trådane som spinn ut av historia her knyter oss alle saman i ein større vev.

Da Dronning Sonja gjesta Hundorp for nokre år sidan og vart fortalt historia om Dale-Gudbrand, var visstnok responsen: «Men, hvorfor er ikke dette stedet bedre kjent?»

Hundorp2021 er vårt svar – og kven veit, kan hende legg nok eit medlem i den norske kongerekka ferda til Hundorp og Gudbrandsdalen i 2021?

På vegner av styringsgruppa for Hundorp2021

Even Aleksander Hagen, fylkesordførar
Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron
Solveig Fiske, biskop i Hamar