Gå til sidens hovedinnhold

Uerstatteleg skatt vises fram for første gong - må sikres i stålkontainer

– Sikkerheitstiltaka er på eit svært høgt nivå. Dei gamle funna er uerstattelege og har aldri vore vist fram samla nokon gong.

Det fortel Rasmus Stauri. Han er hyra inn av Gudbrandsdalsmusea og Hundorp 2021 til å dra i trådane for å få utstillinga «Solrenning» på beina. Tysdag kveld er det offisiell opning på Dale-Gudbrands gard på Hundorp.

Eit klubbeslag som Snorre Sturlasson har fortalt om blir på utstillinga omtala som «fake news».

Lånt ut

Utstillinga viser gravfunn frå fire område, tre i Sør-Fron og frå Mørstadstølen i Valdres. Funna er lånt ut frå Kulturhistorisk museum i Oslo (tidlegare Oldsaksamlinga).

– Kvar for seg har dei av og til vorte vist fram i Oslo, men aldri samla og aldri i Fron. Dette er uerstattelege funn og heilt unikt, fortel Stauri som er idé-, tekst- og prosjektansvarleg.

Det er mange gjenstandar som blir stilt ut. Den eldste er to av tre gullringar funne på Sygard Kjorstad frå cirka år 300, og dei oppsiktsvekkjande funna frå Ryssland i Sør-Fron.

– Dette og dei andre tinga vi viser fram, er tilfeldige lausfunn, praktfunn er vel det rette omgrepet.

Ikkje sidrumpa dølar

Det historiske Hundorp blir av fagfolk vurdert på same nivå som Borre, Hafrsfjord og Stiklestad, ifølgje Stauri. Dei mange kulturminna med kongehaugane i landskapet viser den sentrale posisjonen dette området hadde i førkristen tid.

– Fron har vore og er frodig og var ein del av Europa, eit ope samfunn og slett ikkje prega av sidrumpa dølar.

– På Hundorp er det funne ei såkalla blybulle frå eit byzantisk keisarbrev. Kvifor kom denne til Hundorp, og kva var det keisaren ville? Det får vi aldri visst, fortel Stauri.

Blant anna Maihaugen og Kulturhistorisk museum har medverka til å lage utstillinga.

Fakta

Det bysantinske riket eller Det austromerske riket, eit moderne namn på den austlege delen av Romarriket etter at vestriket falt frå. Historikarar har sett starten på riket til ulike tidspunkt, men Konstantin den store sitt valg av den gamle byen Bysants som stad for riket sin nye hovudstad Konstantinopel i 330 evt., var av avgjerande betydning.

Kjelde: Store norske leksikon

Uerstatteleg

Det er ikkje noko eigna lokale på Dale-Gudbrands gard til å huse utstillinga.

– Eg må innrømme at det kanskje er litt spesielt å presentere denne utstillinga i ein blå stålcontainer. Så vidt eg veit, har det aldri vore gjort før, men containeren betyr at vi kan tilfredsstille dei høge krava til sikkerheit, lys og fukt som Kulturhistorisk museum krev.

Alt det praktiske med tanke på utstyr, design og presentasjon er gjort av lokale bedrifter.

Utstillinga skal stå fram til 15. september og er ope kvar dag. Blant anna mange skuleklasser står på besøkslista.

Hundorp 2021

  • I 1999 vart Hundorp utpeikt som tusenårsstad for Oppland

  • I år er det 1000 år sidan kong Olav Haraldsson i følge Snorre møtte hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021, ei hending som markerer skiljet på «gamal» og «ny» tid i landet
  • Dette skal feirast i heile år med konsertar, utstillingar, digital tidsreise, skuleprosjekt, vandringar, foredrag og kyrkjebesøk
  • Den store Tusenårsfesten skal vera på Dale-Gudbrands Gard 29. – 31. juli

Kjelde: hundorp2021.no