Det var tankevekkjande å lese historia om Trine Aadalen Lo i GD sist laurdag. Ho har vorte ufør etter ein operasjon som kasta ho inn i eit smertehelvete.

Ho fortel at ho før kunne ha fordommer mot einskilde som var uføretrygda. Det er ho nok ikkje åleine om. Slik er det så fint å lesa hennes historie, som kanskje kan opne augene til folk som har nettopp det. For mange uføre ber ikkje alltid historia si utanpå, og andre kan da tru at "dei kan det da ikkje feile noko, så sprek som vedkomande er".

Men å døme andre etter korleis dei er der og da, kan vera heilt feil. Det er vel få som syner seg fram for andre når dei har det som verst, enten psykisk eller fysisk. Det er det berre dei sjølve og dei som lever ilag med vedkomande, som veit best.

Les også

– Det verste jeg hører er når folk sier at de forstår godt hvordan jeg har det

Og sjølv om dagar og netter kan vera vonde, så er det gode stunder innimellom, og det må vel den som er sjuk få lov å ha som alle andre? Men det verkar som mange meiner at er ein sjuk, ja da skal ein vera sjuk heile tida, og ikkje vera med på eller gjera ting som andre. Tilogmed i NAV systemet blir folk følgd med argusauger, og all aktivitet blir sett på som "straff" , verkar det som. Sjølv om aktiviteten kan vera positiv for den situasjon vedkomande er i.

"Som ein døme andre, skal ein sjølv bli dømt", står det skrivi. Så det kan vera lurt å tenkje seg om ein gong til, før ein trur ein veit noko om andre. Det er mange måtar å vera "sjuk" på, både i kropp og sinn. Og mange grunnar til at menneskjer er som dei er.

Rudi Fride Gunn, Ringebu