Ugjort amputasjon kan gi glede som gammal

Av
DEL

lesarinnlegg

Som gutunge var eg lang og spinkel. Leggane var som pipestilkar. Det kunne kanskje la seg gjera og kutte dei ned 5 cm. Eg tenkte på alt som kunne dukke opp. Kva skulle eg for eksempel gjera med dei to avkutta leggstubbane? Det beste ville vera å gi dei til ein spesiell rev i pelsdyrfarmen på nabogarden. Dermed ville eg bli i slekt med reven.

Eg tok opp amputasjonen med mor. Ho forstod meg, men sa at eg ville sikkert angre som vaksen. Dessutan – og det var ho glad for - ville ingen lege med normalt vett utføre noko slikt.

Amputasjonen som eg ikkje fekk gjort som gutunge, har livet sjølv sørga for på sin måte. Eg var truleg kome opp i pensjonsalderen før det starta. Eg merka så godt som ingen ting år for år. Summen av det som går langsamt utan å stanse opp, kan bli skremmande stor.

Eg har vorte 85 år. Ein dag målte eg kor høg eg var. Det viste seg at eg hadde krympa 8,5 cm. Eg hadde vore ein stram kar opp gjennom livet. Likna på ein stor, trykt bokstav I. Nå hadde eg vorte til ein S. Derfor nådde eg ikkje lenger opp i dei øvste hyllene i kjøkkenskåpet.

Når ein sjølv blir for kort, kan ein heve seg ved å koma seg opp på ein taburett. Eg våga ikkje det. I 1980 fekk eg vondt i båe knea. Eg sprang for mykje på asfalt. Ein spesialist på Ullevål rådde meg til å skifte mosjonsform. Det greidde eg utan å miste humøret. Eg spara knea heilt fram til 2016 Da fekk eg personleg trenar på eit treningssenter. Ho sa at det var viktig for meg å styrke musklane rundt knea. Ved fyrste prøve pressa eg 70 kilo. Etter fire månader 120 kg og fem månader deretter maks vekta på 190 kg. Da var det også slutt med at eg fekk vondt i knea når eg gjekk utfor bakke. Grunnen til at eg fortel dette, er ikkje å skryte av meg sjølv, men å oppmuntre andre.


Da knea vart bra, vart ei hofte så vond at eg greidde ikkje å tenkje mens eg gjekk. Tankane og kjenslene låste seg fast i den vonde hofta. Eg fekk ny personleg trenar, heldigvis også nå ei kvinne. Ho betrar øvingar som eg har fått av ein fysioterapeut og finn på nye.

Nå kjem eg opp på taburetten og når alt i dei øvste hyllene.

Eg innser at det blir meir strevsamt og meir smerte med alderen. Derfor er det godt at ein kan finne glede i å tenkje på ting som ein ikkje utførte som barn eller ung.

Ordtaket «Felles skjebne, felles trøyst» er allmenngyldig. Det fortel oss at vi har omtanke for andre som har det vondt. Dermed blir vi mindre sjølvsentrerte og vår eiga liding mildare.

Ole Bjerke, Lillehammer


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags