Fredag er det glede for oss som har trua på at dølane skal greie å foredle råstoffet vårt sjølv, dvs. kjøttet og skinna som dyra våre produserer på graset som veks i Gudbrandsdalen og fjella ikring. Og for at det kan bli arbeid å få for ungdom med utdanning innan landbruk og kjøtt, mat og slakteverksemd.

Same dag har GD fokus på ungdom og utdanning og kva som trengst for at dalen skal ha arbeidskraft i framtida.

På 3 av dei 17 sidene som er tillagt dette, har Tine fått 3 sider så vidt eg kan sjå. Der matproduksjon så vidt er nemnt. På leiarplass blir vi minna på at om 20 år blir vi 25000 fleire eldre enn i dag. Til å handtere dei trengst mange hender.

Men heldigvis eller uheldigvis, dei eldre dør før eller sia. Om vi berre skal messe om kor mange gamle det blir, utan å sjå på alle moglegheitene dei unge har. Ja, da blir det ei avgrensa karriere i vente også for dei som vel omsorgsyrke.

Vi treng alle slags yrkesvegar. Men kvifor er landbruk via så lite fokus? Det er mykje som blir gjort før Tine kan hente mjølka. Og før kjøtdeigen til fredagstacoen blir lagt i steikjepanna.

Ein observatør på Sidet! -spalta, trur ikkje at ungdom frå Gudbrandsdalen vil stå på Otta å skjære kjøtt.

Da er det så ein kan få lyst til å «gråte blod» og ønskje at Prøysen skulle vore i live. Det er ingen som kan setja seg innåt bordet å eta utan at nokon har sti i grisebingen å spadd møkk eller sti på slakteri å delt opp slakteskrotten. Sjølv ein «veggis» kan nyte gode grønsaker fordi plantene har vore gjødsla med husdyrmøkk.

Så kjære vene, la oss ha trua på at det skal bu folk her også etter at dei 80000 er borte. Men hugs at vi framleis må ha litt mat innanbords, før vi kan byne å forske, innovere, utvikle og prosessere. Difor er det viktig å få til arbeidsplassar som er med på å sikre det. Koronatida har lært oss kor sårbare vi er.

Men da må både GD og folk flest, få att respekten for alt slags arbeid! Og for moglegheitene for at det kan vera eit levebrød. Vi må slutte å basere oss på at utlendingane skal kome å slave for oss i arbeid som «vi» held oss for gode til å gjera og lønne! «Arbeidsløyse er rota til alt vondt», heitte det før i tida.

Fride Gunn Rudi, Ringebu