Påska er ikkje berre høgtid for å gomle påskeegg. I fjellheimen er det høg-topp-tid. Mange er gira på å kome seg på skitur, og da freistar det ofte å legge turen via ein isbre.

Dette er ikkje risikofritt. Fyrst og fremst grunna bresprekker og snøbruer du ikkje ser. Sjølv om store snødekte breflankar innbyr til å legge breie s-svingar under påskesola, er det viktig å kjenne til breen og snøforholda for å planlegge ein trygg opp- og nedtur på isbre. Dette handlar i stor grad om gode vegval og turførebuing. Det hjelper lite med tau og sele med dinglande sikringsutstyr, viss du ikkje kan å bruke det. Vinteren har så langt vore prega av prat om lite snø og skrantande skiføre i fjellområda våre. Korleis påverkar det vårskisesongen – og forholda på breane? Tidlegare år har vi høyrt frå både lokale guidar og turistvertar at det er farlegare å gå på breane dei sesongane det er lite snø. Albert Lunde i Nord-Gudbrandsdal alpine redningsgruppe er ikkje bekymra med tanke på den totale nedbørsmengda i år. Målingar han har gjort på mellom anna Veslbrean og Storbrean i Lom, viser at det ikkje er så store avvik i snømengda samanlikna med tidlegare år.

- Mykje vind og vekslande temperaturar har gjort snøen fast og kompakt. Innimellom har det faktisk vore vanskeleg å grave snøprofil med aluminiumsspade. Grunna det kalde vêret har det ikkje vore stor avsmelting på breane i vinter og snøbruene er nå på sitt sterkaste, så lenge temperaturen haldar seg låg, fortel Lunde.

Innlandet er dominert av Jotunheimen sine mange små dalbrear og botnbrear og nokre mindre iskappar. Vi finn om lag 300 brear berre i Jotunheimen. Av landets kommunar med størst breareal, finn vi Lom på ein 5.plass, med eit breareal på 113 km². Leirbrean er ein brearm av Smørstabbrean, Jotunheimen sin største hovudbre, som saman med til dømes Svellnosbrean, Storbrean, Hurrbrean og Styggebrean er av dei meir kjende, kransa av spisse tinder som gjer dei populære å krysse for å nå opp til lokkande skitoppar. Dessutan er ein tur på ski over bre i seg sjølv ei storslått naturoppleving. Det er noko med korleis landskapet blir brote opp. Det er fasinerande å vandre forbi sprekkområder der du plutseleg ser den skarpe blåisen. Om vinteren er dei fleste breane dekka av snø, og du har store opne flater som kan vere knallfine å køyre på ski.

Det har vorte færre sprekkar på desse, ifølge breforskar Liss Andreasen i NVE. Dette fordi breane har minka betydeleg over mange år. Når breen, etter sommaren, ikkje har eit overskot av snø i dei øvre delane, vil breen bli tynnare og bevege seg mindre. Men det glitrande kvite landskapet er framleis uføreseieleg terreng som bør behandlast med ein viss form for ærefrykt.

Det viktigaste når ein ferdast på bre, er å ha kjennskap til kva ein bre er for noko, slik at du kan gjere trygge og gode vegval. Og ein bre er altså ei stor masse av snø og is som er i bevegelse. Han er i stadig endring - som betyr at det alltid vil vere ein risiko knytt til ferdsel og aktivitet på og ved isbrear.

Andreassen rådar skifolket til å halde seg til vante trasear, ha med tau for å kunne binde seg inn i taulag ved behov – samt til redning, og gjerne gå på tur med nokon som er kjent i området. Det er også viktig å kunne bruke utstyret, dersom noko skulle hende.

Sjølv om ein ikkje er «verdsmeister» på bre, vil sele på kroppen - om ikkje anna - gjere det enklare for redningsmannskapa å fiske deg opp att, om du skulle vere uheldig å dette i ein sprekk.

Mari Arnøygard Wedum, fjellvertinne/dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS

* Kjelde: nve.no