Gå til sidens hovedinnhold

USS eller Velure?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Rett før påske var Hanne Alstrup Velure ute i media, bla GD, og prøvde å fortelje kor fantastisk det er med hyttebygging. Dette er etter USS-leiaren si vurdering det som skal redde bygdene og kommunane, ja til og med hindre attgroing i fjellet, og dessutan redde kommuneøkonomien.

Innlegget til Velure er opplagt synspunkta hennar og Høgre sine. Etter det eg har fått greie på, er ikkje USS korkje for eller imot hyttebygging. At da Velure vel å prøve å gje inntrykk av at dette er USS si meinig ved å titulere seg som leder av Utmarkskommunenes Sammenslåing, er ikkje greitt.

Velure sin påstand er at det berre er 0,14 prosent av arealet i Norge som er blir lagt beslag på. Prosenten er nok atskilleg høgare med absolutt alt som hyttene og folket i realiteten legg beslag på. Det er ei lang stripe i fjellet frå lengst nord i Gudbrandsdalen og heilt inn i Ringsaker.

At motstanden mot frisleppet av hyttebygging nå blir meir synleg, er ikkje rart. Før var det beitebrukarane som kjempa kampen for det som skal vere den sterkaste retten, beiteretten. Nå er det blitt meir skepsis blant vanlege folk som ikkje driv med beitedyr, men som ikkje vil vere med på å betale for at nokre få skal tene store pengar på å bygge ned utmarka.

Vinje kommune, som er den 4 største hyttekommunen i landet, har nå vedtatt å stoppe meir utbygging i forbindelse med rullering av ein kommunedelplan for eit stort hyttefelt i Rauland. Vedtaket vart pressa fram av massiv motstand frå lokalbefolkninga og faglaga. I Gausdal kommune pågår det nå ein diskusjon om vidare utbygging på Skei, fastbuande vil ikkje ha auka utgifter som følgje av hyttebygging.

Det er og eit krav om at inngrep som hyttebygging skal konsekvensutgreiast, ifølgje Kommunal og Morderniseringsdepartemanget.

At beiteretten taper i politikken men vinn i rettssalen er eit sterkt signal til Velure og alle andre som prøver å drive politikk. For framtida bør Velure titulere deg som sentralstyremedlem i Høgre når ho skriv slike innlegg.

Ole-Petter Berget, for styret i NF Bonde og Småbrukarlag