Det er vel ingen som er så dyktig som Torgeir T. Garmo til å formidle historia om Fossbergom, og eg har stor respekt for den kunnskapen Garmo sitt inne med. Men, eg sterkt usamd i at ordførar og formannskap er historielause.

Utviklinga av Fossbergom som eit attraktivt sentrum har vorte til nettopp fordi både innbyggjarar, næringsdrivande og politikarar saman har funne gode løysingar. Garmo ramsar opp fleire av dei store bygningsmassane i Lom sentrum som har fått utvikla seg gjennom tida, inkludert sitt eige bygg som husar Steinsenteret. Dersom Garmo sine synspunkt om utbygging av Nilsbue skulle vore lagt til grunn for dei tidlegare utbyggingane, ville vi neppe ha opplevd at Fossberg Hotell hadde fått vore slik det er i dag, det same gjeld Nordal, Fossheim og ikkje minst Steinsenteret som fekk godkjent eit diamant forma frontparti i glas på ein gammal tømmerlåve.

Når det gjeld uttalene som har kome så er det ikkje innvendingane på høgda på huset og argumenta for dette som eg reagerer mest på, men det er den detaljgrada og ordvala som overordna styresmakter tek i bruk: handlingsrommet lokalt blir borte dersom vi skal måtte stelle oss til slike innvendingar. Kan ikkje vi i Lom få ta stilling til om det skal byggjast sykkelskur med eller utan tak og sykkelpumpe?

Vi vil ta omsyn til både innsikt og utsikt frå kyrkja og Nilsbue og alt som høyrer til – vettet er jamt fordelt og vi er i stand til å koma fram til gode løysingar lokalt likeframt som at fylkeskommunen skal finne dei.

Eg er sikker på at alle som eig eigedommar på Fossbergom er like opptatt av at dei får utvikle sine eigedommar utan å øydeleggja for heilskapen. Og til slutt vil eg seia som eg uttrykte for formannskapet, ei ny fasade med leilegheiter bak Nilsbua vil vera langt finare enn baksida på dagens lagerbygg.

Les også

Nilsbue -utbyggjing på Bergom

Bjarne Eiolf Holø, ordførar Lom kommune (Sp)