(UTSATT) Frikk Gjeilo spelar direkte i GD-arkivet

Torsdag klokka 19 kjem lomværen Frikk Gjeilo for spele direkte på vår nye scene i GD-arkivet.

DEL

16.12: Konserten er dessverre utsett på grunn av smittesituasjonen på Lillehammer. Frikk kjem sterkare attende ved eit seinare høve.

Omtrent over natta fekk lomværen Frikk Gjeilo platekontrakt, og i januar kom han med sin fyrste singel «Planet». Nå kjem han til GD sitt arkiv for å spele ein førjulskonsert frå vår nye scene.

Bakgrunnen for at 31-åringen plutseleg vart musikar, var at han spelte inn nokre demo-songar han hadde liggjande. Ei veke seinare ringde plateselskapet frå Gjøvik og sa at «dette må det bli plåte av».

Som sagt så gjort, i starten av 2021 kjem debutplata «Hyttebok».

– Vi gler oss til å spele blant gamle kampreferat i GD-arkivet, seier den tidlegare fotballspelaren Gjeilo, og utdjupar kva folk kan vente seg ei veke før sjølvaste julekvelden:

– Det blir ikkje ein typisk julekonsert, men lite grann lokal og personleg jul blir det nok.

Med seg på konserten, som du kan sjå direkte på gd.no torsdag klokka 19, og i opptak ei veke etterpå, har han med seg kamerat og felespelar Bjørn Kåre Odde, og truleg også ein musikar til.

Konsertserien i regi av GD er sett i gang for å gje gode opplevingar til abonnentane våre i ei tid som vart litt stillare enn den brukar å vere, i tillegg til at vi vil vere med og lyfte fram lokale artistar og støtte kulturlivet.

Artikkeltags