Torgeir T. Garmo har eit godt innlegg i GD 8.02.22. Om «utvikling». Som i realiteten er avvikling. Av natur og bruk av naturen slik vi har brukt den etter at vi slo oss til her nord etter istida. Utviklinga er i utakt med naturen. Klimaet har endra seg.

Men slapp av, no er festen i gang att! Reisebyråa jublar over store reiseplanar til fjerne himmelstrok. Billettprisen er mykje mindre for å ta seg langt nedover i Europa via luftvegen, enn å reise oppover landet vårt på bakken. Ingen nemner klima.

Gjenbruk har vorte populært, men ikkje i sjukehusdebatten. Gløymt er krisa som oppstod når dataåtaka slo til mot store system tidlegare i vinter. Bygg eit stort anlegg og sats på at ingen angrip det.

Landbruket var sjølvsagt dei fyrste til å levere eigen klimaplan, og starta raskt arbeidet med å avle fram klimakua. Langt vekk ifrå dei gamle kurasene som utnytta landskapet slik det var, og som har vore med på å forme «villmarka» som er så ettertrakta i dag. Bønder er jo så ansvarlege. Nesten dei einaste som pr dags dato ikkje kan skru opp prisane på varene dei leverer slik som alle andre.

Mat er kanskje ikkje like viktig som straumen. I alle fall ikkje for å få dei store hyttefelta opp å gå. Bøndene sel felt etter felt for å finansiere den neste utbygginga, som i neste omgang trugar eksistensen deira.

Eller dei vel å slutte i yrket som har dei beste medarbeidarane (dyra og graset og skogen), og heller bli ein av dei med full lommebok, mykje fritid, og eit godt reservelager rundt midja.

Det ser ikkje ut til at øvinga å bite seg sjølv i halen, hjelp særleg på å halde klimaet friskt korkje i eigen kropp, på kommunalt nivå eller i atmosfæra. «Evig eies kun det tapte».

Fride Gunn Rudi, Ringebu