Gå til sidens hovedinnhold

Fann att bilder som tysk soldat tapte bort

Artikkelen er over 6 år gammel

Kjell Andersen har funne att bilder som ein tysk soldat knipsa, men tapte bort i Vågåmo i aprildagane 1940.

VÅGÅMO: – Sjå, her har det vore ein liten rast i Tolstadskriu mellom Lalm og Otta. Husa er gode å kjenne att, og eg tok meg sjølv ein tur for å forsikre meg, fortel Kjell Andersen oppglødd.

75-årsmarkeringa for invasjonen av Norge i aprildagane 1940 har medført at det har dukka opp mykje ukjent materiale.

Enorm fotosamling

83-åringen sit på ei enorm fotosamling, medrekna alt han overtok etter faren Torleif, og det sette dei små grå i sving.

– Eg kom til å hugse på at far fann ein film som ein tysk soldat hadde mista i Vågåmo i aprildagane i 1940, og at han også framkalla ein del hos fotograf Hedlund på Otta. Andersen fann att både album og film. Det viser seg at han sjølv også har framkalla nokre av dei.

– Sjå her sit det ein tysker på Tingsvaberget og ser ut over Vågåvatnet.

Andersen meiner den tyske soldaten har knipsa jamnt heile turen, frå innseglinga i Oslofjorden og oppover Gudbrandsdalen.

Alle gardsbruk

– Men kva skal eg gjera med alt dette da, utbryt han plutseleg, vi står midt inne i myrkerommet blant arkivskåp og framkallutstyr. Det er fortsatt jamnleg i bruk. Folk vil ha framkalla gamle bilder på nytt og Andersen er av få som driv med slikt.

I fjor sommar gjorde Vågå kommune ei avtale om å overta fotosamlinga til Andersen.

– Dei har vel scanna inn 1.700-1.800 bilder, men eg har så mykje meire. Blant anna bilder over alle gardsbruk i bygda, som eg tok til «Norske gardsbruk» i si tid.

Andersen undrast på om ikkje dette er av historisk interesse.

Gode skussmål

I sitt yrkesaktive liv som maskinist og elektrikar hadde han alltid med seg fotoapparat og fanga inn dagelegdagse situasjonar, og som ihuga friluftsmenneske har han ei mengd flotte naturfotografi. Han ga sjølv ut boka «Vågå i gamle dagar» i 2006, og denne er svært omtykt. Nyleg vart han via ei tre siders reporasje i Nationen, og der fekk han svært godt skussmål. «Kjells bilder har varme og poesi», seier fotoguru Morten Krogvold.