Vågå: Det stadfestar partileiar for Bygdalista (BL) i Vågå, Ivar Valdvik.

– Vi er invitert av Vågå Ap til ei samtale dag, seier Valdvik.

For tidleg å seie

Partileiar for Vågå Ap, Sverre Damstuen, seier dei er opne for å gå i samarbeid.

– Vi er klare for det, som vi har vore heile vegen. Kva som blir resultatet er for tidleg å seie. Vi har eit forhandlingsutval som handterer dette. Utgangspunktet vårt er at vi framleis er det største partiet i Vågå, og ynskjer å behalde ordføraren, seier Damstuen.

Han stadfestar at partiet skal i forhandlingar allereie i dag, men vil ikkje seie med kva for parti.

Må forhandle

Både Ap og Sp i Vågå er avhengige av å gå i forhandlingar med andre parti for å oppnå politisk fleirtal.

Valdvik seier at BL vart sitjande på vippen.

– Korkje Sp eller Ap ha fleirtal. Det er grunnlag for forhandlingar fram til at vi skal etablere eit nytt kommunestyre. BL er eit blokkuavhengig parti, og er klare for å gå i forhandlingar både med den eine og den andre, seier Valdvik.

– Historisk resultat 

Sonderingsmøte

Partileiaren seier dei er takknemlege for invitasjonen frå Ap.

– Det blir eit sonderingsmøte, seier Valdvik.

Partileiaren tykkjer det er eit bra valresultat reint demokratisk sett.

– Det demokratiske kommunestyret kjem til sin heider og verdigheit. Vi tykkjer det er bra at ikkje berre eit parti skal sitje og styre.

Valdvik ser ikkje bort frå at BL kan gå i møte med Sp på ein del saker og.

Ynskjer endring

Slik blir kommunestyrene

Sjekk sammensetningen i alle kommunene

* Øyer

* Gausdal

* Ringebu

* Sør-Fron

* Dovre

* Lom

* Lillehammer

* Lesja

* Nord-Fron

* Vågå

* Sel

* Nord-Fron

* Skjåk

* Sør-Fron

Partileiar for Vågå Sp, Ove Turtum, fortel at Sp skal ha eit partimøte i kveld, der det vil bli avgjort kven dei skal gå i forhandlingar med.

– Ut frå valresultata får vi ein peikepinn på at veljarane ynskjer ei endring. Det er naturleg å kontakte BL først, for å sondere terrenget der og høyre kva dei tenkjer. Det er det vi tolkar, ut frå valresultata. Om det ikkje ordner seg, må ein prøve å få til andre løysingar. Vi må sjå kva som er praktisk mogleg, seier Turtum.

Partileiaren for Sp seier han ser at Sp har fått ein del slengarar.

– Vi ligg hårfint bak Ap. Det er gledeleg at vi har så stor framgang. At folk har brukt folk personar frå lista vår, sjølv om dei stemmer andre parti, tyder på at lista vår tiltrekkjer veljarar, seier Turtum.