Valdresflye opnar tidlegare i år

DEL

Fylkesveg 51 over Valdresflye opnar fredag 29. mars etter å ha vore vinterstengd. Til vanleg skal denne fjellovergangen opnast 1. april etter vinterstenging. Sidan det er ein måndag har Statens vegvesen, i samråd med Oppland fylkeskommune, bestemt at vegen opnar før den aktuelle helga.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå vegvesenet fredag.

Artikkeltags