– Slik det ser ut nå ser det ikkje ut som om eg får utjamningsmandatet, seier Ekeberg.

Saman med familie, venner og partikollegaer hadde ho valvake på Lillehammer måndag kveld. Det starta litt betre enn det heldt fram. Rundt halv elleve låg det an til at Ekeberg ikkje hamnar på Stortinget denne gongen heller. Ved førre val fekk ho beskjed klokka 23 at plassen på Stortinget glapp. Også denne gongen må ho vente i det lengste for å sjå om det blir nokon plass til ho. Alt tyder på at det ikkje er Ekeberg som får den.

– Deppar ikkje

– Eg tykkjer det er synd slik det ser ut nå. Eg skulle gjerne sett at det er litt breiare fordeling av politikarar i Oppland. Eg tykkjer vi har gjort ein god valkamp og fortent betre enn dette, seier Ekeberg.

Likevel deppar ho ikkje fullstendig over tala som var klare halv elleve i går.

– Kristeleg folkeparti har fått tilbake vippeposisjonen. Sentrum får ei sterk stemme. Nå skal vi sette oss ned og forhandle. Det ser og ut til at vi får meir stemmer enn sist val, seier Ekeberg.

Ståande jobbtilbod

Ho legg til at ho sitt i sentralstyret i KrF.

– Slik sett får eg framleis ein del innverknad. Det er bra, seier Ekeberg.

Har ståande jobbtilbod

For eigen del har ho eit ståande jobbtilbod.

– Eg har frist til å svare måndag 16. september. Nå skal eg tenke fram til da, men eg må fyrst døyve valresultatet, seier Ekeberg.

Ho ser likevel fram til at KrF skal få ei betydeleg sterkare stemme nå enn før.