Vågå: – Heilt utruleg. Dette er eit tydeleg signal om at veljarane ønskjer ei endring,  seier Mette Vårdal, ordførarkandidat for Sp. Med 37, 2 prosent pustar dei Ap sine 38,2 prosent i ryggen på tellinga litt før klokka 22.00. Bygdalista går litt attende og SV er stabile.

Blir det endelege resultatet slik, får Ap sju mandat i kommunestyret og Sp seks.

Bygdalista går litt attende med sine 17,5 prosent og SV er stabile på 6,4 prosent.

Ordførar Iselin Jonassen legg ikkje skjul på at Ap hadde eit mål om over 50 prosent oppslutnad og reint fleirtal.

- Vi tek resultatet til etterretning. Nå må vi i forhandlingar. Der held vi alle dører opne, seier Jonassen.

Også Vårdal og Sp er klar for forhandlingar, men vil ikkje si noko om kva veg dei vil vende seg.

- Det er heilt ope. Dette har vi ikkje diskutert enno.

 

Som ei kule

Senterpartiet kom som ei kule inn i valkampen. På ordførarmålinga som vart presentert i GD før valet, har Sp sin ordførarkandidat støtte frå 23,5 prosent av veljarane.

Tidlegare Ap-politikar og nå ordførarkandidat for Sp, Mette Vårdal, har etterlyst ein sunnare politisk situasjon.

– Kva definerer Sp som eit godt val?

– Kjem vi over 20 talet så har vi gjort eit bra val.

Historikaren hadde lese seg opp og funne ut at Sp hadde sitt beste val i 1947. Det var før 2015 valet.

– Det som er spesielt er at vi aldri, ved noko val, har tatt stemmer frå Ap.

Bygdalista sa før valet at det ville vere mest naturleg for dei å sjå mot Sp ved eit eventuelt samarbeid. Leiar i Vågå Sp, Ove Turtum, avkreftar at det har vore kontakt mellom Sp og Bygdalista i innspurten mot valdagen.

– Det får vi ta når dei endelege resultata ligg føre.

– Reint fleirtal

Jonassen vart kasta inn i løvas hole da ho tok over etter Rune Øygard hausten 2011. Jonassen og Ap har klart seg bra gjennom stormen. Det viser valtala, likevel må dei i forhandlingar. Varaordførarkandidat Egil Barhaugen var alt på valvaka tydeleg på at eit godt val for Ap er reint fleirtal.

– Det høyrer kanskje eksklusivt ut, men det meiner vi. Valresultatet er folkemeiningar og må aksepterast. Uansett, seier Barhaugen.

Kjem attende med meir

I Vågå er det vedteke at kommunestyret skal reduserast frå 21 til 17 representantar frå komande valperiode. Det betyr fire færre enn det er i dag. Utover natta vil teljekorpset skaffe seg ei oversikt over personstemmer. GD kjem attende med mandatfordeling når det er klart.