Må ha fleire møte om ordførarkjedet i Sør-Fron

UAVKLART: Fire dagar etter valet i Sør-Fron har Bygdalista og Sør-Fron Senterparti, med sittande ordførar Ole Tvete Muriteigen (bildet), framleis ikkje kome fram til ei løysing.

UAVKLART: Fire dagar etter valet i Sør-Fron har Bygdalista og Sør-Fron Senterparti, med sittande ordførar Ole Tvete Muriteigen (bildet), framleis ikkje kome fram til ei løysing.

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

VALG 2015Sør-Fron Senterparti og Bygdalista møttest torsdag kveld for å avklare posisjonar og saker. Etter eit fleire timars langt møte, vil Bygdalista, ved Erik Stenumgaard, framleis ikkje gå offentleg ut og stadfeste at sittande ordførar Ole Tvete Muriteigen får behalde ordførarklubba. Bygdalista gjekk ut med beskjed dagen før valet at dei støtta Muriteigen som ordførar. Fire dagar etter valet har Sp og Bygdalista framleis ikkje kome fram til ei løysing.

- Eg vil seie vi hadde eit godt og konstruktivt møte torsdag kveld, seier Stenumgaard til GD.

LES OGSÅ: Ingen avklaring i Sør-Fron

- Må få gjennom fleire programfesta saker

På møte diskuterte dei posisjonar og saker. Kva dei diskuterte vil ikkje Stenumgaard seie meir enn at Bygdalista må få fleire programfesta saker igjennom før dei blir samde med Sp. På direkte spørsmål frå GD om dei vart samde om posisjonar gjentek Stenumgaard svaret med at dei må diskutere fleire saker. Rett før valet gjekk Bygdalista ut i media og hevda dei var lurt av Senterpartiet til å vere med på å auke eigedomsskatten.

LES OGSÅ: Sør-Fron AP: - Vi er veldig skuffa

Ap flørtar med Bygdalista og Sp

Sittande ordførar, Ole Tvete Muriteigen, meiner det fyrste møte med Bygdalista var godt.

- Men vi må ha fleire møter. Bygdalista er spesielt oppteke av den økonomiske situasjonen i Sør-Fron. Dei meiner vi har for høgt driftsnivå og kommunen får mindre pengar frå staten. Det er ingen tvil om at vi har store utfordringar som må løysast. Det er vi alle samde om, seier Muriteigen.

LES OGSÅ: Bygdalista skal forhandle med Sp i Sør-Fron

I bakgrunnen på den politiske arenaen i Sør-Fron lurer Sør-Fron Arbeiderparti og deira ordførarkandidat Hilde Holtesmo. Dei flørtar openlyst med både Sp og Bygdalista. Ap har gjeve det som beteiknast som eit «raust» tilbod til Bygdalista. Kva som ligg i det tilbodet er uvisst.

- Eg eller Ap har ikkje høyrd noko frå Bygdalista eller på tilboda vi har gjeve. Vi er ope og løysingsorientert. Eg registrerer at Bygdalista og Sp ikkje har vorte samde enda, seier Hilde Holtesmo til GD.

Ho skjønner at dei må avklare seg imellom fyrst, men ho hadde forventa å få tilbakemelding. Når det gjeld tilboda ho har gjeve er ho ikkje klar for å dele dei offentleg enda, men det gjeld både saker og posisjonar.

Slik fordelast dei 19 mandata i Sør-Fron kommune:

Arbeiderpartiet (9)

Arne Bredeveien
Hilde Kristin Holtesmo
Jone Elisabeth Strand
Trond Sønsteli
Unni Dalbu
Hege Bjørkli
Per Gunnar Hagelien
Tove M. Isumhaugen
Arthur Bredli

Senterpartiet (8)

Ole T. Muriteigen
Hans M. Ulberg
Jens Magnus Larshaugen
Wenche Rønningen
Gunhild Haave
Ola Listad
Tor Suleng
Brit Dalseg

Bygdalista (2)

Erik Stenumgaard
Elil Løkken

Sør-Fron Høgre (0)

Artikkeltags