Ingen avklaring i Sør-Fron

SPEIDER: Sittande ordførar i Sør-Fron kommune, Ole Tvete Muriteigen (Sp), speider etter kva som blir løysinga etter avklaringsmøte med Bygdalista torsdag kveld.

SPEIDER: Sittande ordførar i Sør-Fron kommune, Ole Tvete Muriteigen (Sp), speider etter kva som blir løysinga etter avklaringsmøte med Bygdalista torsdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

VALG 2015- Vi skal ha avklaringsmøte med Bygdalista torsdag kveld. Det er naturleg for oss å møte dei fyrst sidan dei gjekk ut før valet og støtta oss, seier sittande ordførar i Sør-Fron kommune, Ole Tvete Muriteigen (Sp).

Vil vere ordførar i fire nye år

Dermed går det litt tid før det blir klart kven som blir ordførar og varaordførar i Sør-Fron kommune. Arbeiderpartiet flørtar med både Sp og Bygdalista.

- Eg er klar for ei ny ordførarperiode, men eg føler meg ikkje sikker. Likevel, eg ser det som ei solid tillitserklæring at eg fekk så mange personstemmer og slengarar, seier Muriteigen.

Muriteigen fekk 148 personstemmer og 19 slengarar, mens Arne Bredeveien (Ap) fekk nest mest personstemmar med 141 stemmer og 10 slengarar. Hilde Holtesmo (Ap) fekk 113 personstemmer, mens Erik Stenumgaard (BL) fekk 44 personstemmer.

LES OGSÅ: Sør-Fron AP: - Vi er veldig skuffa

Ap flørtar med Sp og Bygdalista

Arbeiderpartiet vart det største partiet i Sør-Fron kommune med over 47 prosent av stemmene. Muriteigen stadfester at han har fått forespørsel frå leiaren i Sør-Fron Ap, Mariann Isumhaugen, men har ikkje vurdert eit samarbeid med dei enda.

- Det har eg ikkje mandat til frå partiet å vurdere. Som sagt, vi skal møte Bygdalista torsdag kveld for å avklare posisjonar og saker. Med tanke på velgarane våre kan vi ikkje bruke for lang tid, seier Muriteigen. 

Han er oppteke av at debatten skal foregå i kommunestyret og formannskapet.

- Med eit eventuelt samarbeid mellom Ap og Sp vil formannskapet berre bestå av representantar frå Ap og Sp, og ingen frå Bygdalista. Det veit eg ikkje om eg tykkjer er ei god løysing, seier Muriteigen.

LES OGSÅ: Bygdalista i Sør-Fron støtter Senterparti-ordfører

- Vil vere ope om kva vi forhandlar om

Han gratulerer Ap med eit godt val og ser ikkje bort frå at Ap og Bygdalista kan finne saman i fleire saker i komande periode, sjølv om Sp og Bygdalista inngår eit valteknisk samarbeid.

- Velgarane i Sør-Fron har gjeve eit klart og stort mandat til Ap. Ap står sterkt og vil vere eit sterkt parti i komande periode. Eg ønsker å vere ope med kva vi forhandlar med Bygdalista på torsdag om og kva slags saker vi diskuterer, seier Muriteigen.

Han trekk fram utbygginga av Sørheim omsorgssenter som den store saken frå førre periode, mens saker som skule og kommunesamanslåing kan bli saker som blir aktuelle i neste periode.

Slik fordelast dei 19 mandata i Sør-Fron kommune:

Arbeiderpartiet (9)

Arne Bredeveien
Hilde Kristin Holtesmo
Jone Elisabeth Strand
Trond Sønsteli
Unni Dalbu
Hege Bjørkli
Per Gunnar Hagelien
Tove M. Isumhaugen
Arthur Bredli

Senterpartiet (8)

Ole T. Muriteigen
Hans M. Ulberg
Jens Magnus Larshaugen
Wenche Rønningen
Gunhild Haave
Ola Listad
Tor Suleng
Brit Dalseg

Bygdalista (2)

Erik Stenumgaard
Elil Løkken

Sør-Fron Høgre (0)

Artikkeltags