Det er ikkje vanskeleg å sjå at det nærmar seg stortingsval. Lovnadene kjem fram kvar dag frå ulike parti, og vi som er veljarar må finne ut kva og kven vi trur mest på.

Ute i kommunane er det stille, for politikarane vil vel halde på dei som dei er valt for? Tenk om vi kunne stemme på dei som vil gjera forandringar på det som vi ikkje er nøgde med. Det kan vera eldreomsorg, arbeidsplassar, skattar og avgifter, innvandring og ikkje minst hyttebygging.

Når alt kjem til alt har vi det vel ikkje så verst, og kven ville vore i staden for Erna i desse koronatider?

Nei, ta i bruk sunn fornuft og tenk over kven som har vist vilje og stått fram med sine meiningar, sjølv om dei kanskje ikkje har fått medhald i det dei har sagt.

Torgunn Holm Maurset, pensjonist, Follebu