Søre Ål vil dei neste åra bli prega av sterk tilflytting og endringar av fysiske omgivnader. Oppslag i GD den siste tida fortel oss at det nå er 600-700 bustader og enda ein matvarebutikk under planlegging på Hagejordet og i Hagevegen på Søre Ål. Dette er område som alle grensar inn mot Søre Ål sentrum (eller bydelssenter).

Søre Ål er i dag ein velfungerande og nesten «sjølvforsynt» bydel/grend med barne- og ungdomsskular, barnehagar, bu- og servicesenter, kyrkjer, matvarebutikk, apotek, bensinstasjon, treningssenter, helse- og rehabiliteringssenter og ein del andre næringslivsaktørar. E6 er fjerna frå Søre Ål, så det bør finnast grep og tiltak som gjer at dagens trafikkbelastning og sentrumsfunksjonar kan ha god sameksistens. Det er dessutan flatt og fint og sykle til byen. I tillegg er vi tett på natur for fritidsaktivitetar, landbruksområder og kulturlandskap.

Søre Ål idrettslag byggjer for tida ut eit nærmiljøanlegg i tilknytting til Engesvea hoppanlegg med aktivitetshus og ein arena for mangfold av aktivitetar for heile grenda. Og i ei kritisk tid for korpsmusikk er det enda godt liv i Søre Ål musikkorps. Søre Ål består av eit ressurssterkt og godt utdanna folk, og med nær avstand til byen og god tilflytting bør alt liggje til rette for at Søre Ål skal vere ein attraktiv plass å bu.

Det er derfor eg nå vil oppfordre til engasjement rundt utviklinga av Søre Ål sentrum. Dagens sentrum er ikkje mykje å skryte av. Det er stort sett store asfaltflater som er valsa heilt inn til inngangar og bygg. Bruken er mynta på bil. Her er det er ikkje lagt flid eller ressursar i utforminga av uteområda, og det finst knapt ein benk for folk å slå seg ned på.

Den reelle sosiale møteplassen er i praksis over frysedisken eller blant bananklasar. Dette er ikkje karakteristisk berre for Søre Ål, men gjeld dessverre dei fleste slike senter eller tettstader i landet vårt.

Enkelte vil kanskje hevde at vi er så tett på byen og gågata at vi ikkje treng å byggje for fellesskapet på Søre Ål. Eg meiner derimot Søre Ål fortener at det blir brukt pengar og ressursar på eit godt og hyggeleg sentrum med arkitektoniske kvalitetar. Spesielt for dei aller yngste og eldste av oss, er 2-3 km til byen i lengste laget.

Eit hyggeleg Søre Ål sentrum som oppfordrar og stimulerer til opphald og aktivitet ut over det å fylle handleposen vil også kunne minske bruk av bil og slik sett vere eit bidrag til miljøet. Målet må vere at folk på Søre Ål vil gå til sentrum utan at ein absolutt har ærend. Det aller viktigaste for fellesskapet er kanskje å skape ein sosial arena og gode uterom for folk. Med spådd tilflytting er det vel også berre eit tidsspørsmål før det dukkar opp ein kafé på Søre Ål.

Idealet hadde vore eit torg med innslag av vatn om sommaren og ei isflate om vinteren. Blanding av forretningar, næringsliv og bustader er positivt for å skape god sentrumsarkitektur. Slike utformings- og funksjonskrav for bydelssentre er heldigvis nedfelt i den nye Byplanen (pkt. 2.2.4):

a. Det skal tilstrebes urban struktur i alle bydelssentre gjennom hensiktsmessig plassering av bygg, torg, parkering og kjøreareal.
b. Ved ny bebyggelse skal størrelse, form og plassering bidra til å skape kvalitet i form av gode uterom, torg og møteplasser.
c. Passasjer og gjennomgående snarveger skal sikres.
d. Samlokalisering av funksjoner og flerbruk av bygninger skal vektlegges.
e. Bygg med publikumsrettet virksomhet skal ha utadrettet fasade mot plasser og arealer hvor det er tilrettelagt for opphold.
f. Alle bygg skal ha en plass foran inngangspartiet som innbyr til opphold.
g. Kjøreareal og gang- og sykkelareal skal separeres, slik at alle gang- og sykkelarealer er sikret. Det skal være trafikksikkert gangareal mellom inngangspartier og fra innganger til parkering/bussholdeplass.
h. Parkering skal samordnes og primært anlegges under bakken.
i. Logistikk for varetransport skal samordnes.

I påfølgjande retningslinjer står det m.a. at «Hvert bydelssenter bør ha et torg – et felles areal tilrettelagt som møte- og oppholdsplass. Torget bør ha gode solforhold, trafikksikker adkomst og være adskilt fra kjøre- og parkeringsareal». Totalt sett er dette relativt høge mål som vi per i dag er milevis unna. Viss alt dette skal oppfyllast for Søre Ål, må det til både forståing, fokus, vilje, fagkompetanse og ressursbruk i prosessar i forkant og i realisering av bygg og anlegg.

Slaget om korleis Søre Ål sentrum skal bli, vil sannsynlegvis stå dei neste 5-10 åra. Det vil bestemme grunntrekka i utforminga av sentrum for mange generasjonar framover. Det er derfor alles ansvar at dette blir gjort på ein skikkeleg måte slik at vi får eit resultat som vi kan vere stolte av og leve med.

Dette handlar om kvalitet på arkitektur og landskapsarkitektur, dvs. skala og høgder, utnyttingsgrad, material- og fargebruk, grøntområder, og trafikkplanlegging for mjuke og harde trafikantar. Det er avgjerande med god arkitekturkompetanse i alle ledd i prosessen.

Først og fremst ligg dette i hendene på planavdelingen i kommunen og våre folkevalde. Når vedtaket for reguleringa er gjort, er løpet i praksis køyrt. Økonomien sin natur er slik at private utbyggarar først og fremst tenkjer på eigen profitt. Her må rett og slett kommunen stille krav gjennom utbyggingsavtaler og rekkjefølgjekrav innafor lovverket som kjem fellesskapet til gode.

I planlegginga blir det også viktig å sjå heile Søre Ål under eitt slik at vi ikkje får enkeltprosjekt på kvar si tuve. Slik sett er eg litt forundra over at Hagejordet ikkje måtte ta med seg ein større del av sentrum i sitt reguleringsarbeid. Ideelt sett bør ein arrangere ein arkitektkonkurranse for verkeleg å kunne få fram det største potensialet i eksisterande struktur og samanhengen for heile området.

Eg tenkjer at vår generasjon nå har eit stort ansvar overfor komande generasjonar for korleis Søre Ål skal formast framover. Vi ønskjer nok ikkje å bli som Lørenskog.

Bjørn Horten, søre-åling og arkitekt MNAL