Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vi er i startgropa av eit nytt år. Juleribba og nyttårsfesten har vi rekt å legge bak oss, og vi stuper rett inn i ein labyrint av nyttårsforsett og lovnader til oss sjølv som til tider kan vere vanskeleg å halde. I sumarkroppar, treningskroppar og andre kroppar. I godtestopp og shoppestopp og andre tilsynelatande viktige stopp. Stader vi skal reise til og stader vi aldri meir skal sette våre bein. Og til slutt ei lang liste over ting vi sjølve og spesielt andre må gjere for at vi skal få det perfekte liv. Nokon av oss er allereie i full gang med klare mål og pågangsmotet på topp. Då er det lurt å smi mens jernet er varmt, for statistisk sett kjem motivasjonen til å minke ca. rundt 19. januar. Og skal vi stole på studiar, vil ca. 80 % misslukkes med å halde forsetta sine.
Nyttårsforsett er ikkje noko nytt vi berre har drevet med i nyare tid. Nyttårsforsett er ein tradisjon som visstnok skal ha oppstått attende i Babylon for 4000 år sidan.
Den gongen handla det om å gje ein lovnad til gudane om å betale gjeld og levere attende lånt reiskap og love å vere snille med kvarandre. På 50. talet skal eit av dei hyppigaste nyttårsforsetta vore « å forbetre sin karakter». Ei slags indre danningsreise med mål om å bli eit sjeleleg betre menneske til glede for seg sjølv og andre.
I dag er nyttårsforsett fyrst og fremst eit løfte til oss sjølv om for til dømes å trene meir, gå ned i vekt, ete sunnare og vere meir suksessrike. Det er mange som både skal fortelje oss korleis vi skal lukkast, serverer oss suksessoppskrifter og fortelje om dette er noko vi bør drive med i det heile tatt.
Nokre trendar går igjen år etter år. Som ulike måtar å forbetre kroppen sin, slutte med noko ein ikkje vil lenger eller begynne med noko ein ikkje har gjort før. Når eg les om forsett gjennom tidene er det ein ting som ser ut til å ha gått igjen, og det er å bli snillare. Nokon av trendane det snakkast om no er det å sei nei oftare, sørge for mindre skjermtid og pleie relasjonar. Det å skulle ta vare på tida si sjølv og prioritere kven og kva ein vil bruke si eiga tid på, noko som er viktig for helsa vår.
Er det eigentleg noko vits med desse nyttårsforsetta? Fakta viser jo at det fort kan falle i grus og oddsa for å lukkast ser ikkje akkurat lovande ut, skal vi tru statistikken. Like godt køyrer vi i gang år etter år med friskt mot og stor tru på at i år, i år skal vi lukkast med kva enn det skulle vere vi har sat oss som mål.
Noko som meinast å ha innverknad på om vi lukkast eller ikkje er å bruke ordet « skal» i staden for «burde» og «prøve» når vi formulerer måla våre. Vi må vere tydelegare og meir konkrete på kva vi faktisk vil endre. Eit døme kan vere å ikkje sei at eg vil kome i betre form, men at eg skal gå tre turar i veka, ein halv time kvar gong. I tillegg skal vi ikkje sette for urealistiske mål, men lage ein plan med små mål som vi kan utvide etter kvart. Dess meir pompøst målet er dess mindre trur vi på det, og trur vi ikkje på det sjølv og opplever at vi meistrar det, er sjansen mindre for å lukkast.
Hugsar vi i tillegg på at endring tek tid og at måla vi set oss skal vere gode for oss og ikkje vere noko vi trur vi må gjere for å bli lukkelege er vi på god veg.
Nyttårsforsett er altso ein av dei lengstlevande tradisjonane vi har. Og som tradisjonar «høyr og bør», endrar og utviklar dei seg mens tida går. I vår tid kor det er lett å måle seg mot andre i sosiale medium må noko av det viktigaste vere å gje meir faen i å passe inn i andre sine former og regler. Vel det som er bra for deg og vel det du synest er gøy, for gøy er mykje artigare enn perfekt.
Ingunn Flølo, spaltist, Lillehammer