Vesllie - det meiningslause i argumentasjonen "av hensyn til villreinen"

Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

1. Av hensyn til villreinen skal dei gamle husa på Vesllie, som har `levd` saman med grådyra i nesten 150 år, fjernast.

2. Av hensyn til villreinen er bruk av husa på Vesllie ikkje tillate, ikkje ein gong for sauegjetarane.

3. Av hensyn til villreinen er vegen til Vesllie stengt for all motorisert ferdsel.

Punkta nedafor gjeld i perioden 28. juni – 6. oktober (101 dagar).

4. Vegen Hjerkinn – Snøheim ligg 10–15 minutt med reinsflokk-fart innafor Vesllie, og er open for all motorisert ferdsel som har løyve.

5. I perioden køyrer meir enn 1000 bussar her, og i tillegg kjem all anna ferdsel som varetransport osv.

6. I 2018 frakta bussane meir enn 20.000 personar Hjerkinn – Snøheim og til DNT`s storstue! I tillegg kjem syklistar, gåande osv.

7. Snøheim, DNT hytta som er restaurert og påbygd slik at den nå har 80 sengeplassar. Det er noe motorisert ferdsel på denne vegen både før 28 juni og etter 6 oktober.

Miljøminister Ola Elvestuen sitt argument om at "hensynet til villreinen" er eit overordna mål kjem i eit noko underleg lys når det eit lite stykke unna Vesllie går trafikk som vist ovafor i bilete og tekst.

På Vesllie er verneverdien både som uerstatteleg kulturminne og på anna måte grundig vurdert og dokumentert både i avisinnlegg og på annan måte. Det finnes ingen fagleg rapport pr. i dag som kan bevise at Vesllie på nokon måte har hindra villreinen verken når det gjeld trekk eller beite.

Mange har alt trekt konklusjonen at dersom vedtaket om fjerning av husa og murane på Vesllie blir gjennomført, så blir respekten for miljøministerens arbeid og andre faginstansar i denne saka redusert til eit minimum som blir svært så vanskeleg å byggje opp att i overskueleg framtid!

Kilde: Vigga, GD, Norsk villreinsenter, DNT Snøheim.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags